logo Helse Vest

Stimuleringsmidlar

Kvalitetsregistra er viktige kjelder for data til systematisk forbetringsarbeid. På vegne av Helse Vest lyser Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest ut midlar for å stimulere register og kliniske fagmiljø i alle helseføretaka i regionen til å nytte registerdata til forbetring av helsetenesta. Midlane kan gå til kvalitetsforbetringsprosjekt eller forskingsprosjekt.

Søknadsfristen er gått ut.

Link til søknadsskjema: E-søknad

Kliniske fagmiljø/avdelingar og/eller lokale/regionale/nasjonale kvalitetsregister forankra i Helse Vest kan søkje om midlar. Maksimal tildelingssum er 200 000 kroner. Det kan unntaksvis vere aktuelt å tildele eit prosjekt meir enn dette. Midlane vil bli tildelt som ein eingongssum. Prosjektperioden er inntil 1 ½ år.​

  • Behovet for prosjektet skal vere tydeleg formulert
  • Prosjektet skal nytte data frå eit nasjonalt/regionalt/lokalt etablert medisinsk kvalitetsregister.
  • Prosjektet skal ha leiarforankring
  • Prosjektet skal ha fagleg forankring

Presisering

Det blir ikkje tildelt midlar til ordinær registerdrift, til investeringar – som til dømes kjøp, utvikling og/eller drift av elektronisk innrapporterings- og/eller resultatløysing.

Det vert etterspurt ein kort statusrapport halvegs uti prosjektperioden og til slutt ein fagleg poster som skal sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister seinast to månader etter prosjektslutt. I posteren skal det gjerast greie for resultat av prosjektet, særleg erfaringar som kan vere nyttige for andre fagmiljø i og utanfor Helse Vest. Posterpresentasjon av prosjektet vil bli formidla av Fagsenteret, blant anna på senteret si heimeside.

Det skal også utarbeidast ein rekneskapsrapport. Ubrukte midlar kan berre unntaksvis overførast utover prosjektperioden og då etter særskilt grunngjeving. Søknad om overføring av midlar må sendast til Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest seinast november året etter tildeling. Ubrukte midlar kan berre overførast ein gong.

Eventuelle spørsmål kan sendast til kvalitetsregistre@helse-vest.no

 

Sist oppdatert 23.04.2024