Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Trygg fødsel

Prosjektet Trygg fødsel skal redusere frekvensen av alvorlege fosterskadar og fosterdød. Prosjektet er eit samarbeid med Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Emblem trygg fødsel. Grafikk at hvitt foster på grønn bakgrunn.

​Illustrasjon: Barn i magen til mor,

I Noreg blir det fødd omlag 60 000 barn kvart år. I nokre få tilfelle får fødselen eit uheldig resultat med varige nevrologiske og fysiske skadar hos barnet. Eit slikt uheldig utfall er ei alvorleg hending med store personlege og økonomiske konsekvensar både for barnet, familien og samfunnet.

Med bakgrunn i kunnskap om kvifor det gikk galt i desse sakene, har prosjektet Trygg fødsel sett på ulike tiltak som kan gjerast for hindre at slike skadar skjer igjen.

Dei fleste foreldre som opplev å få eit skada barn, melder hendinga inn til Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Der blir svangerskapet og fødselen belyst og analysert frå mange vinklar, og sakkyndige-erklæringar blir avgitt. Er det feilvurderingar eller svikt i fødselshjelpa som har ført til det uheldige utfallet, har paret rett på økonomisk kompensasjon frå Staten.

Ved systematisk dybdeanalyse av alle NPE-saker som har fått tilkjent erstatning, er det mulig å identifisere risikofaktorar både før og under fødsel som skyldes både menneskeleg og systembetinga svikt. Med bakgrunn i kunnskap om kvifor det har gått galt i desse NPE-sakene, har prosjektet Trygg fødsel sett på korleis dei kan bruke desse erfaringane til å implementere risikoreduserende tiltak i fødselshjelpa.

Som regional pilot for prosjektet har Helse Bergen hatt som mål å innføre sjekklister i ulike delar av fødselen for tidlig å identifisere risiko for feilbehandling av mor og foster.

  1. ​​​​Alle fødslar der Oxytocin stimulering blir vurdert (bruk av riestimulerande middel) skal ha gjennomgang av« sjekkliste for oxytocin stimulering».
  2. Alle fødslar der det blir foretatt vaginal operativ forløysing, skal ha gjennomgang av «sjekkliste for vaginal operativ forløsning».
  3. Alle fødslar skal ha ei «innsjekk» kor viktige opplysinger om mor skal komme tydeleg fram.

Tiltakspakke Trygg fødsel

Dei viktigaste indikatorane i forprosjektet:


Prosessindikatorar:
1. Talet på fødslar der sjekklista for Oxytocin stimulering er brukt.
2. Talet på fødslar der sjekkliste for vaginal operativ forløsning er brukt.

Resultatindikatorar:
1. Dagar mellom nyfødt med Apgar<7 etter 5 min (Apgar5’<7).
2. Dagar mellom nyfødt med metabolsk acidose.
3. Talet på barn født med umbilical aPH<7.0 per månad.

Sist oppdatert 23.01.2023