Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2026

Forskingsmidlane til Helse Vest skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Søknadsfrist: 15. september 2025 kl. 16.00.

Page in English

Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend.

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon som vedtar tildelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til. 

Følgjande søknadskategoriar er aktive ved utlysinga av midlar for 2026:

Det er utarbeidd retningslinjer for alle søknadskategoriar. Merk at det er ulike krav til søkjar for dei ulike søknadskategoriane. Søkjarar må setje seg inn i dei krava og råda som retningslinjene gir.

For meir informasjon om kven som kan søkje, inkludert tilgang til forankringsskjemaet som skal nyttast ved søknadsprosessen for midlar 2026, sjå informasjon under Kven kan søkje Helse Vest forskingsmidlar.

Søknader til Helse Vest blir vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar, les meir i Formål og kriterium.

For nokre søknadskategoriar vil søknaden i tillegg bli vurdert ut frå særskilte kriterium. Dette gjeld følgjande søknadskategoriar:

  • Open prosjektstøtte
  • Klinisk karrierestipend
  • Stipend til kliniske studiar (20 prosent)

Det er krav om brukarmedverknad i forskingsprosjekta. Søkjarar skal gjere greie for eventuell brukarmedverknad i prosjektet eller kvifor dette ikkje er aktuelt. 

To vedlegg i PDF-format skal følgje den elektroniske søknaden.

  1. Prosjektframstilling. Det er utarbeidd ein mal for prosjektframstilling. Merk at alle hovudpunkta i malen er obligatoriske, mens nokre av underpunkta er rettleiande og ikkje alltid relevante for alle prosjekt/søknadskategori. Merk at det er ein eigen mal for Stipend til kliniske studiar (20 prosent).
  2. Samledokument med andre vedlegg. Kva for vedlegg som er påkravd her, er avhengig av søknadskategori, sjå retningslinjene og rettleiing i søknadsskjemaet.

Søknadar som ikkje fyller krava, kan bli avviste. Sjå oversikt over årsaker til avvising av søknader her.

I søknadsskjemaet kan ein velje norsk eller engelsk språk. Utlysing og aktuelle retningslinjer er også tilgjengelege på engelsk.

For søkjarar som ikkje har brukt eSøknad tidlegare, sjå presentasjon av eSøknad.

Tildeling av dei ope utlyste forskingsmidlane blir vedteke på Samarbeidsorganet sitt møte 26. november 2025. Resultatet vil bli kunngjort på Helse Vest sin nettstad så snart som mogleg etter dette. Ta kontakt med Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking om du har spørsmål.

 

 

Sist oppdatert 21.05.2025