Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Retningslinjer for open prosjektstøtte

Open prosjektstøtte skal gi rom for finansiering av større prosjekt av høy vitskapeleg kvalitet med forventa nytteverdi for framtidig pasientbehandling. Støtte til slike prosjekt skal bidra til å byggje forskingsmiljø i helseføretaka i vest.

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet

Prosjektleiar, den som er fagleg ansvarleg for prosjektet, skal stå som søkjar, og skal som minimum ha avlagt doktorgrad.

Søkjar må vere tilsett i minimum 20 prosent ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest og ha hovudstilling ved ein institusjon som kan søkje Helse Vest forskingsmidlar. Desse er: UiB, UiS, HVL, private rusinstitusjonar og private rehabiliteringsinstitusjonar, helseføretak og private, ideelle institusjonar. Tilsetjingsforholda må komme fram i CV til søkjar og skal gjelde i heile prosjektperioden. 

Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar med hovudstilling ved universitet og høgskular i regionen, og private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon i regionen. Sjå "Kven kan søkje forskingsmidla​r" for meir informasjon.

Dersom søkjar går av for aldersgrensa i løpet av prosjektperioden, skal det leggjast ved ei utgreiing frå søkjarinstitusjonen (til dømes frå forskingsavdelinga) om kven som skal overta ansvaret for prosjektet.

Søkjar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.

Karanteneordning

Samarbeidsorganet vedtok i juni 2024 (sak 23/2024) ei karanteneordning for mottakarar av Helse Vest forskingsmidlar. I denne utlysinga gjeld ordninga for «open prosjektstøtte». Dei som har karantene og difor ikkje kan søkje i år er:

  1. Søkjarar som fekk tildelt midlar i søknadskategori open prosjektstøtte i 2025 (prosjektstart i 2026).
  2. Prosjektleiarar som har ubrukte midlar ved avslutta prosjektperiode tilsvarande eitt års tildeling eller meir. Det blir teke utgangspunkt i rekneskapsrapportering for siste år med friske midlar. 

Kva kan det søkjast om

Det kan søkjast om støtte til:

  • Forskingstid for klinikarar, anna forskingspersonell og støttepersonell ved helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.
  • Driftsmidlar og midlar til kjøp av mindre utstyr til bruk i prosjektet.

Samla kan desse budsjettpostane vere på inntil 5,1 mill. kroner over 4 år og inntil 1,7 mill. kroner pr år. Det kan ikkje søkjast om mindre enn 3 mill. kroner totalt i prosjektperioden og prosjektperioden må være minst 2 år. Det er ikkje høve til å frikjøpe eller lønne/tilsetje personar i andre sektorar (som UH-sektor og instituttsektor), helseregionar eller i utlandet.

Søkjar kan i tillegg legge inn eit forskarstipend i budsjettet for open prosjektstøtte der prosjektets omfang talar for dette. Det skal i så fall søkjast utan namngitt kandidat og søkjarinstitusjonen skal lyse ut stipendet eksternt. Stipendperioden kan ikkje strekkje seg utover planlagt prosjektperiode.

Det er ikkje mogleg å søkje om forskarstipend/forskarstillingar ut over dette. 

Dersom det blir søkt om utstyr, skal søkjar gjere greie for kva miljø som skal bruke utstyret. Eigarskap til utstyret skal vere avklart, og vedlikehald skal sikrast gjennom at anskaffinga inkluderer fleirårige servicepakker. Dersom utstyret finst ved institusjonen, i geografisk nærleik eller det er sikra tilgang til utstyret gjennom nasjonale avtalar, skal søkjar godtgjere behovet for å duplisere utstyret. Utstyr som blir kjøpt inn via forskingsmidlar i Helse Vest, skal etter nærmare avtale kunne brukast av alle interessentar. 

Vurdering av søknader

Søknader til Helse Vest blir vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar, les meir i Formål og kriterium.

Samarbeidsorganet er oppteke av regionalt samarbeid for å utnytte kompetanse og ressursar på ein god måte, og samtidig skape robuste, regionale nettverk. Samarbeid er også viktig for at fagmiljøa i regionen skal kunne hevde seg i konkurransen om midlar på nasjonalt og internasjonalt nivå. Ved vurdering av søknadar i søknadskategorien «open prosjektstøtte» vil regionalt samarbeid difor bli vekta positivt. Regionalt samarbeid er i denne samanheng forskingssamarbeid mellom samarbeidsorganet sine institusjonar i ulike geografiske delar av regionen. Merk at pasientinklusjon og/eller yting av forskingstenester åleine ikkje blir rekna som forskingssamarbeid i denne samanheng. Regionalt samarbeid skal dokumenterast, sjå krav til vedlegg.

Ved eventuell tildeling

Helse Vest forskingsmidlar skal nyttast til forsking i vår helseregion. Personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar skal tilsetjast og ha sin faste arbeidsplass ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).

Dersom det skjer endringar i tilsetjingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden, har søkjarinstitusjonen det avgjerande ordet for om også prosjektet si tilknyting skal bli endra eller om det må bli utpeikt ny prosjektleiar. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast i dialog med Helse Vest og dokumenterast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.

Forskarar som får Helse Vests forskingsmidlar, skal gjennomføre kurs i brukarmedverknad. Tilsette i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom læringsportalen.​

Samarbeidsorganet legg til grunn at det blir søkt om finansiering ved neste relevante utlysing frå NFR/EU-systemet. Prosjektansvarlege vil bli bedne om å rapportere på dette i samband med den årlege faglege rapporteringa

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden.

Det er utarbeidd felles mal for prosjektframstilling​ som skal brukast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-format).

Vedlegga skal samlast i eitt vedlegg i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet. Bruk gjerne mal "Front page - other attachements" som forside for vedleggene.

1. Søkjaren skal leggje ved CV (tilrådd lengde 2 sider, og publikasjonsliste for dei siste fem åra. Stillingsprosent i noverande stilling skal gå fram av CV-en. (Sjå forslag til mal).

Der det er aktuelt:

2. Dersom det er samarbeid med andre institusjonar i regionen , skal intensjonsavtalar med desse leggast ved. Slike avtaler må vere signerte på leiarnivå. Sjå eigen mal.

3. Forankringsavtale dersom aktuelt. Sjå Kven kan søkje forskingsmidlar

4. Dersom søkjar går av for aldersgrensa i løpet av prosjektperioden, skal det leggjast ved ein plan for kven som skal overta ansvaret for prosjektet.

Dersom ønskjeleg: 

5. CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for inntil 2 viktige samarbeidspartnarar.
 

Oppdatert Juni 2026.

 

Sist oppdatert 15.06.2026