Auka sjanse for innovasjonsmidlar ved idéoverføringsprosjekt
Visste du at det er betre sjanse for å få stønad til å teste og adoptere kjente løysingar som allereie er tekne i bruk ved eit anna helseføretak, enn om du søkjer i kategorien «nye innovasjonsprosjekt»?
Meir deling
– Det er allereie mykje god og viktig innovasjon rundt i Helse-Noreg. I denne kategorien vil vi stimulere til meir deling av god tenesteinnovasjon på tvers av helseføretaka. Vi treng ikkje alltid finne opp krutet på nytt. Å kopiere gode løysingar frå andre helseføretak, kan vere ei svært god kjelde til å betre og effektivisere tenesta, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Mindre konkurranse om midlane
Kategorien idéoverføring blei innført for første gong i fjor. Det er framleis ikkje mange som veit at det er ein større sjanse å få tildelt stønad dersom du søkjer i den nye kategorien.
– Så langt har det vore mindre konkurranse om midlane i denne kategorien, enn i kategorien «nye innovasjonsprosjekt», seier Lena Forgaard, som er innovasjonsansvarleg i Helse Vest RHF.
Spreiing og skalering av gode innovasjonar er viktig for å realisere gevinstar frå innovasjonsarbeid rundt om i landet.
Fikk opplegget «rett i fanget»
Marte-Helene Bjørk som er prosjektleiar for idéoverføiringsprosjektet «EpiReg. Brukerstyrt epilepsioppfølging», blei inspirert til å søkje midlar frå arbeidet i «EpilepsiNett - Nasjonalt nettverk for evidensbasert epilepsiomsorg». Gjennom dette nettverket visste ho at Vestre Viken hadde laga ei løysing for å følgje opp pasientar digitalt. Desse midlane gjorde det mogleg å starte ein pilot i Helse Bergen for dei same pasientane.
Prosjektleiaren meiner at alle epilepsipasientar som ønskjer det, burde få eit slikt tilbod uavhengig av bustad. Då er det viktig med godt samarbeid og deling av kunnskap på tvers av helseføretak.
– At fleire sjukehus bruker den same løysing gjer det mogleg å forske på effekten av helsetilbodet på nasjonalt nivå og styrkje samarbeidsrelasjonar, seier Bjørk.
Stor betydning
Midlane som innovasjonsprosjektet blei tildelt i januar 2022 hjalp med vidareutvikling av prosjektet på fleire nivå.
– Tildelinga har hatt stor betydning for oss, då vi har kunna tisetje ein prosjektleiar i 80 prosent stilling, som har arbeidd intensivt med å utvikle prosjektet opp mot leverandør, helseføretak, sjukehusavdeling, nasjonale samarbeidspartnarar og brukarar. Vi har også brukt midlane til å utvikle den tekniske løysinga og utarbeide informasjonsmateriell. For å utnytte ressursane best mogleg, deler sjukehusa som bruker løysinga alt vi utviklar, fortel Marte-Helene Bjørk.
– Det er viktig å utnytte og breidde dei gode løysingane som fagfolk i helsetenesta allereie har utvikla. Vi håper derfor mange fleire nyttar sjansen til å søkje om prosjektmidlar i denne kategorien for å utvikle og forbetre prosjekta sine, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse.
I kategorien «idéoverføring» kan du søkje inntil 400 000 kroner for å teste gode innovasjonsløysingar frå andre helseføretak i Noreg, eller utlandet, i eige føretak.