Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Årets styringsdokument: Dette vil prege sjukehusa i 2024

Psykisk helse og rusbehandling, investeringar, digitale løysingar og ventetider. Det er fire sentrale tema som kjem til å prege sjukehusa i Helse Vest i 2024. Denne veka fekk alle føretaka på Vestlandet dei årlege styringsdokumenta i føretaksmøtet, som fortel kva føretaka skal prioritere framover.

Publisert 16.02.2024

– Hovudlinjene frå tidlegare år gjeld framleis. Vi har dei tre kjende måla som vi skal jobbe etter, som mellom anna går på samhandling, forsking, innovasjon, kompetanse og pasienttryggleik. Også vil eg understreke spesielt at psykisk helse og rus skal ha prioritet – også i 2024, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF. 

Kvart år får føretaka styringsdokument av styret i Helse Vest RHF. Dokumentet gir retninga til kva sjukehusa (Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Stavanger og Helse Førde), Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest skal prioritere og leggje vekt på i året som kjem. I januar fekk Helse Vest RHF oppdragsdokumentet overlevert frå Helse- og omsorgsdepartementet, og styringsdokumenta til føretaka byggjer på dette.  

Dei tre overordna måla

Regjeringa har sett tre hovudmål, som Helse Vest RHF og føretaka skal innrette verksemda seie med sikte på å nå i 2024:  

  1. Styrke psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling 
  2. Styrke forsking, innovasjon og kompetanse og forbetre kvalitet og pasienttryggleik
  3. Rask tilgang til helsetenestar og samanhengande pasientforløp

Digitale løysingar, bygg og ventetidar sentralt 

Det er mange tema som blir viktige, men digitalisering går igjen. 

– Sjukehusa i Helse Vest er langt framme på digitale løysingar, og føretaka har jobba godt og lagt ein solid grunnmur her. Framover vil det særleg arbeidas med å forbetre løysningane og gjere dei meir brukarvennlege, seier Bryne. 

Vestlandet har investert mykje i bygg gjennom dei seinare åra, samtidig som sjukehusa skal fortsette å investere meir framover, både i bygg, medisinteknisk utstyr og IKT.  

– Det blir viktig å jobbe vidare med økonomien, slik at vi kan komme i posisjon til å føre vidare dei nødvendige investeringane vi må ha og sikre investeringsevna for framtida, seier Bryne.  

Portrett av ei kvinne i ein kjole

Foto: Kjetil Alsvik

Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF. 

I tillegg har Helse Vest framleis for lange ventetider for nokre fagområder, sjølv om vi har sett ei betring i løpet av hausten 2023. Arbeidet med å redusere disse skal fortsette gjennom 2024.  

Medarbeidarane avgjerande 

Og for å nå alle måla i vår felles helseteneste, er medarbeidarane avgjerande. Å vidareutvikle ein attraktiv arbeidsplass blir heilt sentralt i 2024.  

– Å behalde, utvikle og rekruttere er noko av det viktigaste vi gjer. Vi skal også framover ha sjukehus der folk har lyst å jobbe. Det er spennande og utfordrande å jobbe på sjukehus, men kvardagen skal også gå opp med til dømes henting i barnehagen og livet forøvrig. Vi må sjå på korleis vi kan møte ønska og behova til medarbeidarane våre for meir fleksible arbeidstidsordningar og oppgåvedeling. Fagfolka og leiarar i klinisk verksemd er det viktigaste vi har, seier Bryne. 

I tillegg vil det komme to meldingar frå regjeringa i løpet av 2024 og 2025, som vil forme spesialisthelsetenesta ytterlegare: Nasjonal helse- og samhandlingsplan og prioriteringsmeldinga (2025).  

Fakta: Kva er eitt styringssdokument?

  • Styringsbuskapet til helseføretaka, Sjukehusapooteka Vest og Helse Vest IKT AS blir årleg formidla gjennom styringsdokumenta.  
  • Styringsdokumenta klargjer overordna mål, oppgåver og rammar for bruk av middel, og prioriteringar innan dei fire hovudoppgåvene pasientbehandling, forsking, utdanning av helsepersonell og pasientopplæring.  
  • I tillegg inneheld dokumentet økonomiske og organisatoriske krav. 
  • Sjå årets styringsdokument på ei eiga samleside (helse-vest.no)

 

Kva gjer Helse Vest RHF?  

  • Helse Vest regionalt helseføretak (RHF) har, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, ansvaret for at dei rundt 1,1 million innbyggjarane på Vestlandet får eit likeverdig spesialisthelsetenestetilbod. 
  • Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. Ansvaret vårt blir utført gjennom dei offentlege sjukehusa og gjennom avtalar med private.
  • I tillegg har vi samarbeidsavtalar med legar og psykologar, som er avtalespesialistar. Nokre oppgåver blir også løyste gjennom nasjonale selskap, som er eigde av dei regionale helseføretaka i fellesskap.  
  • Helse Vest RHF eig helseføretaka Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
  • Haukeland universitetssjukehus, Stavanger universitetssjukehus, Haugesund sjukehus og Førde sentralsjukehus er blant sjukehusa som høyrer til helseføretaka i vårt område.
  • I heile Helse Vest-regionen er det om lag 34 000 medarbeidarar, som alle arbeider med målet å gi best mogleg behandling til pasientane i sjukehusa på Vestlandet.   
  •