logo Helse Vest
Kvinnelig pleier. Foto.

Vårt oppdrag

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretaka i Noreg, og har ansvaret for å drive spesialisthelsetenesta i Vestland og Rogaland. Her får du ein oversikt over kva oppdrag Helse Vest RHF har, korleis vi gjer det og kva vi har gjort.

Vi har to lovpålagde oppgåver:

  1. Vi eig helseføretaka i helseregionen (eigaransvar).
  2. Vi skal sørgje for at befolkninga i helseregionen blir tilboden spesialisthelsetenester (sørgje-for-ansvar).

Dei fire regionale helseføretaka i Noreg har ansvar for spesialisthelsetenesta i kvar si region. Oppgåva vår er å sørgje for god behandling, forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande. 

Sjå meir om behandling, forsking, utdannning og opplæring av pasienter og pårørande. 

 

Helse Vest RHF får oppdraget sitt frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Det blir gitt gjennom sjukehustalen, oppdragsdokument og protokoll frå føretaksmøte i januar kvart år. HOD kan også gi tilleggsoppdrag gjennom året. 

Du finn lenkjer til dei viktigaste lovane for sjukehus, korleis du finn fram til relevante forskrifter, rundskriv utarbeidd av HOD og Helsedirektoratet på regjeringen.no.

 

Helse Vest RHF er den strategiske eininga som eig helseføretaka i regionen.  

Helse Vest RHF eig fem føretak; Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Førde og Sjukehuspoteka Vest. I tillegg eig vi Helse Vest IKT AS. 

Alle dei fem føretaka og Helse Vest IKT AS får årlege styringsdokument frå Helse Vest RHF, der mellom anna oppdrag fra Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) blir vidareført. Styringsdokumenta blir vedtatt i føretaksmøte mellom Helse Vest RHF og helseføretaka, og i generalforsamling for Helse Vest IKT AS.

Styringsdokument frå Helse Vest RHF til sjukehusa, SAV og Helse Vest IKT 2024:

Helse Fonna

Helse Førde

Helse Bergen

Helse Stavanger 

Sjukehusapoteka Vest

Helse Vest IKT

Tilleggsdokument 2024: 

Helse Fonna

Helse Førde

Helse Bergen

Helse Stavanger

Visjonen er at vi skal fremje helse, meistring og livskvalitet.

Få oversikt over planane og strategiane våre.

Nøkkeltal

Se kva føretaka i Helse Vest har levert i 2023.

Nøkkeltal
En gruppe mennesker i hvite labfrakker
Sist oppdatert 30.09.2024