logo Helse Vest

Kven er din kandidat?

No kan du nominera kandidatar til Utdanningsprisen i Helse Vest for 2024. Frist for å nominera er 18. oktober 2024.

Publisert 09.09.2024
Sist oppdatert 10.09.2024
To personer som ser på en skjerm

Foto: Katrine Sunde

Assisterande klinikkdirektør Johanne Lind Aasen, og direktør Gunnar Mellgren på Laboratorieklinikken på Haukeland universitetssjukehus fekk Utdanningsprisen i fjor.

Helse Vest deler kvart år ut ein utdanningspris. Formålet med prisen er å løfte fram den svært viktige rolla utdanning speler for helseføretaka, og gi merksemd til eit tiltak som på særleg godt vis framhever dette. Tiltaket som blir premiert må i samhandling heve og fremje det faglege nivået på utdanning av helsepersonell i regionen.

Forslagsskjema

Forslagsskjema skal sendast til sekretariatet for samarbeidsorganet (asta.optun@helse-bergen.no) innan 18. oktober 2024. Forslaga vil bli behandla konfidensielt.

Prisen delast ut på Utdanningskonferansen, som skjer i Stavanger 28. og 29. november 2024.

Her kan du lese programmet, og melde deg på.

Statuttar for Utdanningsprisen

Les om vinnaren frå i fjor

Meir om prisen

Vinnaren av utdanningsprisen får 100 000 kroner og eit kunstverk. Prispengane skal blir brukt til vidare utdanningsarbeid og tiltak. Prisen blir forvalta og delt ut av Helse Vest.

Prisen kan givast til grupper, team og klinikkar som ved ulike initiativ/tiltak har gjennomført ein viktig innsats for utdanning i verksemdene i føretaksgruppa i Helse Vest.

Prisen er open for utdanningstiltak retta mot alle grupper av lærande, som studentar i grunnutdanning, spesialistutdanning, praksistiltak, opplæring og vidareutvikling av medarbeidarar, i tillegg til etter- og vidareutdanningar.