Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Nye styre i helseføretaka i Helse Vest

Helseføretaka på Vestlandet har fått nye styre, som vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, 30. januar 2024. Her er oversikta.

Publisert 30.01.2024
Sist oppdatert 13.02.2024
Kvinne i hvit og blå bluse, briller. Foto.

Foto: Kjetil Alsvik

Agnes Landstad er styreleiar i Helse Vest RHF.

–​ Eg vil rette ei stor takk til styremedlemmene som no går av. Dei har gjort ein solid og viktig innsats. No ser eg fram til samarbeidet med dei nye styra for sjukehusa på Vestandet og Sjukehusapoteket Vest. Dette er styre som har god samfunnsforståing og brei kompetanse. Saman skal vi jobbe for at helsetenestene våre er trygge og gode, samstundes som dei må vere berekraftige og framtidsretta, seier Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF. 

Styra i helseføretaka er øvste ansvarlege organ i føretaka. Dei skal leggje til rette for at helseføretaka gir gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga. Dei årlege oppdragsdokumenta og styringsdokumenta dannar grunnlaget for styra.

  • Styra i Helse Stavanger HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har 11 medlemmer kvar. Sju er eigaroppnemnde, medan fire er valde av og blant dei tilsette. 
  • Styret i Sjukehusapoteka Vest HF har ni medlemmer, der seks er eigaroppnemnde og tre medlemmer er valde av og blant dei tilsette. 
  • Styremedlemmene er oppnemnd for ei periode på to år. 
  • Sjå oversiktene over heile styret til helseføretaka på nettsidene til helseføretaka.

Under er oversikta over dei eigaroppnemnde styremedlemmene i styra i Helse Vest. Oppnemninga tek til å gjelde frå 5. februar 2024: 

Helse Førde HF 

Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen
Nestleiar Marit Hermansen (styremedlem også tidlegare, ny som nestleiar)
Styremedlem Aud Ingrid Espeland
Styremedlem Arne Johannessen (ny)
Styremedlem Thomas Vingen Vedeld
Styremedlem Silje Skaar Sunde (ny)
Styremedlem Erik M. Hansen (ny) 

Helse Bergen HF 

Styreleiar Terje Breivik
Nestleiar Per Morten Sandset (styremedlem også tidlegare, ny som nestleiar)
Styremedlem Rolf Martin Tande
Styremedlem Ishita Barua (ny)
Styremedlem Trude Husevåg (ny)
Styremedlem Marit Bakke (ny)
Styremedlem Ivar Eriksen (ny) 

Helse Fonna HF 

Styreleiar Petter Steen jr.
Nestleiar Anne Sissel Faugstad (styremedlem også tidlegare, ny som nestleiar)
Styremedlem Kjersti Follesø
Styremedlem Ingvill Skogseth
Styremedlem Helga Arianson 
Styremedlem Jo Eikeland Roald (ny)
Styremedlem Per Karlsen  

Helse Stavanger HF 

Styreleiar Bjørn Erikstein
Nestleiar Christine Sagen Helgø
Styremedlem Nina Langeland
Styremedlem Knut Vassbø
Styremedlem Marit Lieng (ny)
Styremedlem Ola Kvaløy (ny)
Styremedlem Hilde Christiansen (ny) 

Sjukehusapoteka Vest HF 

Styreleiar Helge Torgersen
Nestleiar Arve Varden
Styremedlem Anders Hovland
Styremedlem Helle Schøyen
Styremedlem Clara Beate Gram Gjesdal
Styremedlem Ina Nikoline Wille