Nytt rammeverk for pasientsikkerheit

No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for  pasientsikkerheit.

Publisert 14.03.2025
En dame med briller

Foto: Jan Inge Haga

Rammeverket gir ei heilskapleg oversikt som dekkjer alle aspekt av pasientsikkerheit, inkludert kultur, system, opplæring, rapportering og forbetringsarbeid.

– Eit rammeverk for pasientsikkerheit er viktig fordi det gir moglegheit for ei systematisk tilnærming til arbeidet med pasientsikkerheit. Det kan tilpassast ulike situasjonar, helseinstitusjonar og pasientgrupper, seier leiar for arbeidet, seniorrådgivar Elisabeth Huseby i Helse Vest RHF.

Forsking viser at kultur og deling er avgjerande for pasientsikkerheit, og dette rammeverket skal gjere det lettare å styrkje desse faktorane.

– Det skal bidra til å sikre langsiktig forbetring, fremme kontinuerleg læring, leggje til rette for å førebyggje feil og for å gi betre pasientbehandling, seier Huseby. 

Fire mål

Ei regional arbeidsgruppe sett saman av medarbeidarar frå alle sjukehus og føretak i Helse Vest har vore med å utarbeidd rammeverket. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for  pasientsikkerheit.

– Pasientsikkerheit gjeld alle som jobbar i helsetenesta, og det skjer mykje godt arbeid på tvers av heile verksemda som bidreg til at pasientbehandlinga blir tryggare. Dette rammeverket er retningsgjevande, og samtidig gir det stor fridom til at dei ulike områda sjølve avgjer kva som er viktig for dei å jobbe med i det vidare arbeidet med forbetring og auka pasientsikkerheit, seier ho.

Rammeverket er meint å styrkje det eksisterande arbeidet med pasientsikkerheit, og er delt inn i fire overordna mål:

  • Mål 1: Vi skal identifisere, førebyggje og handtere risiko for pasientskadar i vår eining
  • Mål 2: Vi skal ha trygge overgangar, og sikre tydeleg informasjon og kommunikasjon
  • Mål 3: Vi skal sikre læring og deling på tvers av fagmiljø og avdelingar i eit føretak og mellom føretak
  • Mål 4: Vårt arbeidsmiljø skal bidra til betre pasientsikkerheit

Måla i rammeverket er utforma slik at dei ikkje er fagspesifikke, men skal kunne konkretiserast i kvar avdeling, både av klinikarar og dei som jobbar i drift- og stabsfunksjonar.

 

Ta ein titt på rammeverket her: Regionalt rammeverk for pasienttryggleik 2025-2029 - Helse Vest RHF