Regionalt brukarutval: Dette er dei viktigaste sakene for pasientar og pårørande

Betre helsekompetanse, digitalisering, psykisk helse og rus, og reell brukarmedverknad i forsking. Det er blant dei viktigaste sakene regionalt brukarutval i Helse Vest RHF vil jobbe med i 2025.

Publisert 02.04.2025
Sist oppdatert 09.04.2025

– Det siste året har vi behandla mange viktige saker. Alt frå helsekompetanse og reell brukarmedverknad i forsking, til å gi innspel på oppdragsdokumentet – og i høyringa av korleis kreftkirurgi skal vere i sjukehusa, til å diskutere dei økonomiske utfordringane og ventetider i helsetenesta. Det viktigaste for oss er å sikre brukarmedverknaden oppi dette, seier Atle Lunde, leiar av regionalt brukarutval (RBU) i Helse Vest RHF. 

RBU er eit rådgivande organ for styret og administrerande direktør i Helse Vest RHF på systemnivå, i saker om pasient- og pårørandetilbodet. 

– Helsekompetanse og digitalisering har vi jobba ein del med allereie, og det vil vi halde fram med i 2025. Med betre helsekompetanse kan vi unngå reinnleggingar, og gi pasienten betre livskvalitet. Pasientkommunikasjonen er viktig her. Når pasientar og pårørande har fått god oppfølging, for eksempel gjennom lærings- og meistringssentra, kan pasienten sjølv førebyggje gjennom livsstil, og ta meir ansvar for eige liv. I framtida får vi færre hender i helsetenesta, og da bør helsekompetanse bli obligatorisk for alle pasientar og pårørande. Digitaliseringa vil også kunne hjelpe fleire pasientar heime, seier Lunde. 

Læring og meistring blir avgjerande. Og for at pasientar skal kunne leve lenge med helseutfordringar, må dei bli gitte reiskapane til å meistre det.

En mann som sitter ved et skrivebord

Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF.

Atle Lunde er leiar av RBU i Helse Vest RHF.

 

Dette har RBU gjort i 2024 

I årleg melding, som blei styrebehandla i Helse Vest i mars, samanfattar RBU kva dei har jobba med i 2024, og ser framover på utfordringane for 2025. Dette er hovudsakene frå 2024, der RBU har: 

  • jobba med helsekompetanse. 
  • gitt innspel til oppdragsdokumentet til sjukehusa, for å sikre at brukarmedverknad blir godt varetatt. 
  • sett på økonomiske utfordringar som sjukehusa har. 
  • gitt innspel på kreftkirurgi, og kva retningslinjer sjukehusa skal følgje. 
  • fått ein representant inn i ei arbeidsgruppe som følger opp ventetidsløftet, som blei innført av statsråden for å få ned ventelistene. 
  • vore involvert i digitaliseringsprosjekt som skal forbetre helsetenestene. 

Jobbar for psykisk helse og reell brukarmedverknad  

I 2025 vil RBU fortsette å arbeide for reell brukarmedverknad. 

– Psykisk helse og rus er noko vi må løfte vidare. Trass i ei nasjonal satsing, så viser rapportar at tenestene ikkje møter lovverk og retningslinjer godt nok, seier Lunde.  

Dei vil også jobbe med den nasjonale helse- og samhandlingsplanen. Lunde ser fram til at prioriteringsmeldinga blir lagt fram.  

– Eit anna område er reell brukarmedverknad i forsking og forskingsresultata. Her slit vi litt med forståinga av kva reell brukarmedverknad er. Definisjonen av reell brukarmedverknad er at det er ein pasient eller pårørande, eller ein som representerer dei, som deltar i forskinga. I dag definerer forskarar også medarbeidarar som brukarmedverkarar. Statistikkane blir derfor feil, og vi veit eigentleg ikkje kven som representerer dei reelle brukarane, avsluttar han. 

Frå 2025 er det fire nye medlemmar i RBU. Her er medlemmane:  

  • Atle Lunde, FFO Rogaland 
  • Harald Kvame Hansen, FFO Vestland 
  • Tor-Johnny Agledal, FFO Vestland 
  • Linda Haugland, FFO Vestland 
  • Hege Skjelbred-Knudsen, Kreftforeningen 
  • Berit Båtsvik, Pensjonistforbundet (ny) 
  • Anne-Pia Lystrup, RIO Vestland (ny) 
  • Francis Rodriguez, Vestland Innvandrerråd (ny) 
  • Hege Kornberg Christensen, SAFO SørVest 
  • Elin Svensen, FFO Rogaland (ny) 
Fire personer i et møterom

Foto: Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF.

Her fra eit av brukerutvalets møte - frå venstre Atle Lunde, Linda Haugland, Hege Kornberg Christensen og Harald Kvame Hansen. 
To personer sitter rundt et bord

Foto: Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF

Tor-Johnny Agledal under eit av brukerutvalets møte. Atle Lunde i bakgrunnen. 
Mann i møterom

Foto: Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF.

Harald Kvame Hansen er del av brukerutvalet i Helse Vest RHF. 
Dame i møterom

Foto: Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF.

Elin Svensen er også medlem av brukerutvalet.