Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar for 2026

Helse Vest lyser ut midlar til forskingsprosjekt for 2026. Søknadsfristen er 15. september 2025 kl. 16.00. Midlane er lyste ut i open konkurranse og prosjekta skal vere relevante og til nytte for spesialisthelsetenesta.

Publisert 21.05.2025

Oppmodinga er: Søk!

Utan å søkje får ein ikkje midlar. I snitt fekk mellom 20-25 prosent av søkjarane tildeling gjennom dei regionale forskingsmidlane i fjor.  

Bruk gjerne kollegaer og andre til å gi kritiske tilbakemeldingar til søknaden. Alle søkjarar vert oppmoda om å planlegge godt, og setja seg godt inn i retningslinjer og utlysingsteksten. Start difor i god tid med søknaden. Det er lett å rote med vedlegg og formalitetar om alt skal skje den siste dagen og kjedeleg om søknaden ikkje blir vurdert på grunn av formelle feil. 

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon avgjer tildelinga av forskingsmidlane med utgangspunkt i innstilling frå fagleg komité. Dei oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.

Å auke brukarmedverknad i forsking er eit klart oppdrag til helseregionen frå Helse- og omsorgsdepartementet. Samarbeidsorganet legg også vekt på at prosjekta viser til brukarmedverknad i forskinga.

Ny søknadsfrist

Nytt fra årets søknadsrunde er at søknadsfristen er endra til kl. 16.00. 

Les heile utlysinga