Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Plan for demensvekst er klar

Nesten 50 000 personar kjem til å leve med demens på Vestlandet i 2050. No er planen for korleis vi skal møte dette klar.

Publisert 02.10.2026

Hausten 2025 og våren 2026 har ei arbeidsgruppe arbeidd med å utarbeide Regional handlingsplan for varetaking av pasientar med kognitiv svikt og demens.

Arbeidsgruppa har bestått av deltakarar frå alle sjukehus og alle relevante fagområde som planarbeidet omfattar (nevrologi, geriatri og alderspsykiatri), samt representantar frå kommunesektoren, konserntillitsvald og brukarrepresentant.

– Planen er godkjend av styret i Helse Vest RHF, og skal nå ut til helseføretaka så dei kan utarbeide lokale tiltaksplanar, seier assisterande fagdirektør Kim Noremark i Helse Vest RHF.

Felles retning

I planen står både anbefalingar og tiltak. Døme på tiltak er at i løpet av 2028 skal alle somatiske vakseneiningar ha ein dedikert ressursperson på kognitiv svikt og demens.

Eit anna døme på tiltak er at Helse Vest RHF peikar ut minimum ei eining som får regionalt ansvar for utgreiing av dei mest kompliserte tilfella av kognitiv svikt og demens.

Planen gjeld for alle helseføretak og private ideelle sjukehus i regionen.

– Planen gir sjukehusa ei felles retning for utgreiing og behandling av pasientar med kognitiv svikt og demens. No skal vi følgje opp tiltaka regionalt og interregionalt, seier assisterande fagdirektør Kim Noremark i Helse Vest RHF.

Les planen her: Handlingsplan for varetaking av personar med kognitiv svikt og demens i Helse Vest - Helse Vest RHF