Regional rapport om gynekologisk kreft er klar
For å styrke tilbodet til pasientar med gynekologisk kreft, utvikle samarbeidet mellom sjukehusa og sikre berekrafta i regionen framover, starta Helse Vest RHF denne våren eit felles regionalt prosjekt saman med sjukehusa. Over sommaren vil det tas ei avgjerd om korleis tilbodet i regionen skal vere vidare.
– Helse Vest RHF ønsker å styrke behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft på Vestlandet gjennom godt samarbeid mellom helseføretaka i regionen. Vårt ansvar som regionalt helseføretak er å sørgje for at dette fungerer regionalt på både kort og lang sikt, det vil seie minst 10 til 15 år fram i tid, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Det var fleire forhold som gjorde at det i 2025 vart starta eit felles regionalt arbeid innan gynekologisk kreft. Helse Bergen hadde i ein periode i 2024 vanskar med å fylle den regionale rolla innan gynekologisk kreft på same måte som tidlegare, i tillegg til at det kom ein ny nasjonal kreftstrategi, ny kvinnehelsestrategi og det kom kvalitetsresultat som viste forbetringspotensiale.
God kompetanse, men små fagmiljø
I samråd med dei fire helseføretaka i regionen fekk Helse Vest RHF utført ei ekstern fagfellevurdering av tilbodet innan gynekologisk kreft i regionen. Fagfellevurderinga slår fast at organiseringa av behandlingstilbodet til pasientar med gynekologisk kreft i Helse slik det er i dag, er sårbart.
– Det er god kompetanse innan gynekologisk kreft i regionen, men fagmiljøa er små, og det er behov for å gjere dei meir robuste, fortset Vikse.

Foto: Helse Vest RHF / Jan Inge Haga
Viktige diskusjonar
I løpet av våren har fagfolk i sjukehusa og Helse Vest RHF, saman med brukarrepresentantar, tillitsvalde og verneteneste, vurdert aktuelle tiltak og framtidige modellar for organisering av tilbodet i regionen. No er rapporten ferdig, og sendt til sjukehusføretaka for behandling i styra der, som innspel til Helse Vest RHF. Til slutt skal styret i Helse Vest RHF ta ei avgjerd i styremøtet til hausten. Det har vore gode og viktige diskusjonar internt i prosjektgruppa.
Prosjektet har vurdert fem ulike modellar for organisering av gynekologisk kreftbehandling i Helse Vest, med ulike fordelar, ulemper, risiko og kva som må til for å lykkast, på kort og på lang sikt.
– Det er semje og ein felles forståing blant alle helseføretaka om svært mange av tiltaka som blir anbefalt. Det har vore viktige diskusjonar i gruppa, blant anna om lokalisering av tilbod. Det er uvisse og usemje om kva som på sikt vil gi det beste og mest stabile tilbodet og korleis funksjonar bør fordelast i regionen, spesielt mellom Bergen og Stavanger. Helse Vest RHF vil nå be helseføretaka om innspel på rapporten i forbindelse med at det blir planlagd for ei sak til styret i Helse Vest RHF til styremøtet 22.oktober, seier Vikse.
- Les rapporten frå prosjektgruppa (per juni 2026)
- Les heile fagfellevurderinga (per mars 26)
Tidlegare nyheitssaker:
- Felles regionalt prosjekt for å styrke behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft - Helse Vest RHF
- Skal få råd om utviklinga av behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft - Helse Vest RHF