Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Teikn til betring i økonomien

Resultata for juni gir grunn til forsiktig optimisme i Helse Vest. Sjølv om ein korrigerer for augte løyvingar i revidert nasjonalbudsjett viser alle sjukehusa betre resultat av drifta i juni.

Publisert 23.07.2026

Saka oppsummert

  • Resultatet for føretaksgruppa i Helse Vest var på 54,6 millionar kroner i juni, noko som er betre enn dei føregåande månadane.  
  • Ei auka løyving til pensjon i revidert nasjonalbudsjett er ein viktig grunn til dei betre tala. For Helse Vest styrker dette inntektsramma med om lag 222 millionar kroner i 2026.  
  • Trass i framgangen er helseføretaka samla sett 366 millionar kroner bak plan ved utgangen av første halvår.  
  • Helse Vest held fram med tett oppfølging av økonomien og arbeidet med å bringe drifta i tråd med budsjettet. 

Økonomien i helseføretaka i Helse Vest er framleis krevjande, men junitala viser fleire positive teikn. Resultatet for føretaksgruppa var på 54,6 millionar kroner i juni, noko som er vesentleg betre enn dei føregåande månadane. Særleg Helse Stavanger og Helse Bergen hadde ei betre utvikling enn tidlegare i år.  

– Juni er eit klart steg i riktig retning, men det ligg framleis mykje arbeid framfor oss for å nå resultata vi ønskjer oss for året, seier Per Karlsen, økonomi- og finansdirektør i Helse Vest RHF.

Revidert nasjonalbudsjett ga løft i juni 

Ein viktig årsak til dei betre tala i juni er at basisløyvinga til Helse Vest vart auka i revidert nasjonalbudsjett slik at den dekker pensjonskostnadane i større grad enn tidlegare. For Helse Vest styrker dette inntektsramma med om lag 222 millionar kroner i 2026. I juni blei halvårseffekten av ordninga rekneskapsført. 

– Denne løyvinga er ein viktig faktor for junitala. Samstundes ser vi teikn til reell betring av driftsresultata i alle helseføretaka, særleg i Helse Bergen og Helse Stavanger, seier Karlsen. 

portrett av mann med briller og skjorte

Foto: Jorunn Busk

– Juni er eit klart steg i riktig retning, men det ligg framleis mykje arbeid framfor oss for å nå resultata vi ønskjer oss for året, seier Per Karlsen, økonomi- og finansdirektør i Helse Vest RHF.

Framleis langt frå målsettinga 

Trass i betringa i juni er helseføretaka samla sett 366 millionar kroner bak plan ved utgangen av første halvår. Eit betre resultat er avgjerande for å sikre investeringsevna til helseregionen.

I eit ekstra føretaksmøte tidlegare i år blei styra i Helse Stavanger, Helse Bergen og Helse Fonna bedne om å forsterke arbeidet med å bringe drifta i tråd med budsjettet.  

 

Saka blei behandla i eit ekstraordinært styremøte i Helse Vest RHF 22. juli. Styresaka med økonomital frå alle helseføretaka i regionen kan du lese her.