Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar for 2027
Helse Vest lyser ut midlar til forskingsprosjekt for 2027. Søknadsfristen er 15. september 2026 kl. 16.00. Midlane er lyste ut i open konkurranse og prosjekta skal vere relevante og til nytte for spesialisthelsetenesta.

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon avgjer tildelinga av forskingsmidlane med utgangspunkt i innstilling frå fagleg komité. Dei oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.
Å auke brukarmedverknad i forsking er eit klart oppdrag til helseregionen frå Helse- og omsorgsdepartementet. Samarbeidsorganet legg også vekt på at prosjekta viser til brukarmedverknad i forskinga.
Ny søknadskategori
I år er det mogleg å søkje om Forskarstipend, som kjem til erstatning for dei tidlegare kategoriane Postdoktorstipend og Klinisk forskarstipend. Forskarstipend skal motivere kandidatar med ph.d.-grad til å halde fram med forsking i helseføretaka og bidra til fagleg utvikling og forskingsmiljø, og styrkje utvikling av klinisk forsking i miljøa.
Søknadsfristen er som tidlegare 15. september kl. 16.00.