Helse Vests regionale forskingsmidlar for 2027

Illustrasjonen viser forskere og sykehus, pasient og kliniker

Når kjem utlysinga?

Utlysing av regionale forskingsmidlar for 2027 offentliggjerast på denne sida i midten av juni 2026. Søknadsfristen er 15. september 2026 kl. 16.00

Informasjonsmøter

Det blir arrangert informasjonsmøte om søknadsprosessen i de ulike helseføretaka.

Målgruppe er alle som planlegg eller vurderer å søkje i år med frist 15. september, inkludert leiarar og andre som er involvert i prosessen.

Dette er ein god moglegheit for å få god informasjon om utlysinga; kva som er nytt i årets utlysing, korleis søknadane vert vurdert, og til å stille spørsmål.

Møtetider

Bergen: 10. juni kl. 14:00 i Storstuen, Bikuben kurs og konferansesenter

Stavanger: 15. juni kl. 12:00-14:00 i Aula, C-bygget 1. etasje, SUS Ullandshaug

Haugesund: 16. juni kl. 10.30-12:00 i Sjøhuset 5. etg, Møllervegen 22 (Avd. for forsking og innovasjon)

Førde: 18. juni kl. 14:00-15:00 i Auditoriet, Førde sentralsjukehus

Møtene blir arrangert av kompetansesenter for klinisk forsking ved fagleiar Anne Marie Haga, spesialrådgivere Torunn Olsnes og Elise Aasebø i samarbeid med forskningsavdeling/forskningsstøtte ved de ulike helseføretaka.

Spørsmål?

Kontakt forskning@helse-vest.no

 

 

Sist oppdatert 03.06.2026