Nasjonalt dialogmøte for nasjonale tenester, nettverk og sentre
65 representantar frå ulike tenester og helseføretak deltok med innlegg og diskusjonar i dialogmøtet på Gardermoen fredag 15. september. Programmet tok for seg endringar i nasjonalt regelverk, oppfølging i dei regionale helseføretaka, etablering av servicemiljø og ny samarbeids- og dialogarena.
Torunn Omland Granlund, seniorrådgivar Helse- og omsorgsdepartementet, innleia om bakgrunnen for ny organisering av nasjonale tenester.
– Gjennomgangen i 2018 avdekka eit behov for eit meir dynamisk system, med tidsavgrensing for kompetansetenestene og enklare rapportering, seier Torunn Omland Granlund, seniorrådgivar Helse- og omsorgsdepartementet.
Ho kunne også fortelje at frå 2024 er det Helse- og omsorgsdepartementet som formelt vedtar oppretting, endring og avvikling av tenester.
Nytt framover
Den største endringa er at dei regionale helseføretaka (RHF) har eit mykje tydelegare ansvar for nasjonale tenester no enn tidlegare, seier Ulrich Spreng, fagdirektør Helse Sør-Øst. RHF-a skal følge opp endringane i system for nasjonale tenester. RHF-enes servicemiljø med representantar frå alle regionar har no mellom anna ansvar for oppfølging av årsrapportar.
Ei anna endring er innføring av ny eRapport som skal vere på plass til årsrapportering for 2023. Rettleiaren for nasjonale tenester blir oppdatert igjen hausten 2023, for å gjenspeile omorganiseringa, servicemiljøets oppgåver og kva oppgåver Helse- og omsorgsdepartementet har.
Forventningar til tenestene
Forventningane til tenestene er i stor grad som før, nemleg at ein skal tilby god og forsvarleg helsehjelp som er tilgjengeleg for pasientar frå heile landet.
Tenestene må ha tydelege henvisningsrutinar, og pasientforløpet må vere likt landet over.
– Det å få tildelt ein nasjonal teneste er ei stjerne på brystet, men også eit stort ansvar. Ein forpliktar seg til å levere tenester med høg kvalitet som varetar medverking og eit likeverdig tilbod i landet, seier Clara Gram Gjesdal.
Nytt servicemiljø for nasjonale tenester
– Utforminga av RHF-enes servicemiljø har vore eit felles arbeid mellom regionane, seier leier av servicemiljøet, seniorrådgivar i Helse-Vest, Gjertrud Jacobsen.
Hensikten med servicemiljøet er å ivareta godt interregionalt samarbeid, og sikre god dialog om og med nasjonale tenester.
Servicemiljøet skal føre dialog med Helse- og omsorgsdepartementet, styrke regional oppfølging og nasjonal dialog. Servicemiljøet har også overtatt ansvar for vurdering av årsrapportar. Servicemiljøet vil bistå i søknadsprosesser om nye tenester, og sikre interregional forankring av søknader.
Utveksling av erfaringar
Leiarane av tre tenester ga innblikk i deira erfaringar med nasjonalt samarbeid om nasjonale tenester.
Hans Christian Sylvester-Jensen, Helse Bergen, fortalte om sine erfaringer med å drifte flerregional behandlingstjeneste for leppe-kjeve-ganespalte i samarbeid med Oslo universitetssykehus.
Gunn-Inger Sørensen, seksjonsleder Universitetssykehuset i Nord-Norge, leiar for Nasjonalt senter for påvisning av antibiotikaresistens, fortalde om veien frå kompetanseteneste til nasjonalt senter.
Kompetansetenestene har no tidsavgrensa levetid, men kompetansen skal takast i vare gjennom såkalla kvalitets- og kompetansenettverk. Helse Bergen, ved Clara Gram Gjesdal, fortalte avslutningsvis om arbeidet med overgang frå nasjonal kompetanseteneste til nasjonalt nettverk.