Kommunikasjons-avdelinga
Kommunikasjonsavdelinga i Helse Vest RHF har ansvaret for å leggje til rette for og vere pådrivar for ein aktiv informasjonskultur for medarbeidarar, brukarar, allmenta og media.
Du når oss på epost: kommunikasjon@helse-vest.no
Media
Vi ønskjer å yte så god service som råd til media. Ta kontakt med oss i kommunikasjonsavdelinga dersom du treng hjelp til noko. Vi vil hjelpe deg så langt vi kan, eller setje deg i kontakt med andre som kan.
Medievakt er er tilgjengeleg på kvardagar mellom klokka 08:00 og 16:00. For raskast mogleg hjelp er det derfor ein fordel at medieførespurnadane blir gjort i dette tidsrommet.
Er du journalist og ønskjer å få pressevarsler? Då kan du abonnere på nyheiter frå Helse Vest via NTB Kommunikasjon.
Felles nettløsning for spesialisthelsetjensten (FNSP)
"Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten" (FNSP) er tenesta si plattform for nettsider og huser over 50 nettstadar knytte til sjukehusa i Noreg. FNSP skal bidra til å nå det nasjonale målet om mer heilskapleg og samordna digital kommunikasjon i helsetenestene, for medarbeidarar og brukarar.
Som del av FNSP er det eit nasjonalt team som på vegner av dei fire regionale helseføretaka, alle helseføretaka og sjukehusa, har ansvar for utviklinga av tenestene. Dette teamet har plass i Kommunikasjonsavdelinga i Helse Vest.