Her finn du ledige stillingar
Jobbe på sjukehusa eller føretaka på Vestlandet?
Her finn du meir informasjon om korleis det er å jobbe på sjukehusa på Vestlandet, Sjukehusapoteka Vest eller Helse Vest IKT:
Forskjellen mellom Helse Vest RHF, sjukehusa, SAV og Helse Vest IKT
- Helse Vest regionale helseføretak (Helse Vest RHF) eig fem helseføretak; Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Førde og Sjukehusapoteka Vest, og eitt aksjeselskap - Helse Vest IKT - i Rogaland og Vestland.
- I Helse Vest RHF jobbar det om lag 70 til 80 medarbeidarar. Vi held til i Stavanger sentrum. Her finn du blant anna rådgivarar med medisinskfagleg bakgrunn, juristar, økonomar, samfunnsvitarar, personalrådgivarar, kommunikasjonsrådgivarar, lønn- og rekneskapspersonell, sekretærar og leiinga.
- Dei største sjukehusa på Vestlandet er Førde sentralsjukehus, Haukeland universitetssjukehus, Haugesund sjukehus og Stavanger universitetssjukehus.Føretaka våre har mange spennande, ledige stillingar.
- I sjukehusa på Vestlandet er det eit mangfald av jobbar, blant anna innanfor helsefag, IKT, kokkefag, leiing og ingeniørfag. Det finst om lag 130 ulike yrkesgruppar på sjukehusa.
- Det er mye utdanning du kan ta i samanheng med jobben. Det er både utdanning på vidaregåande nivå - som lærlingar, og utdanning på høgskule- og universitetsnivå, slik som bachelor- og mastergrad, profesjonsutdanningar og spesialiseringar i sjukehusa.
Praktisk informasjon
Relaterte lenkjer
Sist oppdatert 09.04.2024