Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Likestilling, inkludering og mangfold

Vi skal fremje likestilling og hindre diskriminering, og spegle mangfaldet i befolkninga.

Vi vil oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. Føretaksgruppa i Helse Vest arbeider aktivt for å sikre likebehandling, mellom anna når det gjeld rekruttering, forfremjing, utviklingsmoglegheiter og arbeidsoppgåver.​

Helse Vest legg vekt på vere ein attraktiv arbeidsgivar, uavhengig av bakgrunn og kjønn til våre medarbeidarar. For oss betyr likestilling og mangfald like rettar og moglegheiter til å bidra i organisasjonen. Vi tek aktive skritt for å fremje like rettar og moglegheiter for medarbeidarar, uavhengig av kjønn, nasjonalitet, etnisk opphav eller religiøs tilknyting, for på den måten å kunne leggje tilhøva betre til rette for eit nytenkjande og inkluderande arbeidsliv.

 

  • løfte fram gode initiativ og tiltak som helseføretaka gjer 
  • rapportere på tiltak som er tekne i bruk for å sikre god praksis for inkluderande rekruttering
  • sikre at vi ikkje støyter ut medarbeidarar, eller bidreg til at medabeidarar blir uføre
  • ha tiltak og rutinar for å sikre at eigne medarbeidarar ikkje fell ut, men gjere det mogleg å behalde eit arbeid dei er kvalifiserte for. Det er overorda ny rekruttering utanfrå
  • sørgje for at inkluderande rekruttering skal balanserast med kvalifikasjonsprinsippet ved tilsettingar
  • vidareføre tiltak rundt inkluderande arbeidsliv
  • vurdere å bruke "springbrett" og traineeordning

I 2018 lanserte Regjeringa Inkluderingsdugnaden, der hovudmålet er auka deltaking i yrkeslivet.​​

– Ved å rekruttere personar med ulik bakgrunn og livssituasjon og inkluderer dei hos oss, gir dette verdi og vi får den kompetansen vi treng. Dette skapar gode miljø å arbeide i. Det er viktig at vi sjølve speglar det samfunnet vi arbeider på vegner av, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest.​​

Dei administrerande direktørane i Helse Vest gjekk 7. juni 2021 inn for at inkluderande rekruttering skal vere eit satsingsområde. Det​​te er i tråd med nasjonale krav om likestillig og inkludering. I Helse Vest har vi ei regional nettverksgruppe med representantar frå alle føretak, som arbeider med dette.

Inkludering skal vere tema i møte med FAMU/AMU, tillitsvalde og ver​​neteneste.

Eigne – og ofte ubevisste haldningar – kan medverke til at vi ikkje fangar opp alle dei gode kandidatane. Det er mange godt kvalifiser​​te søkjarar med ulik bakgrunn og kvalitetar, som kan bidra til eit allsidig og godt arbeidsmiljø. Våre verdiar respekt, kvalitet og tryggleik støttar også opp om dette. Det er laga e-læringskurs som skal hjelpe til med korleis vi rekrutterer i Helse Vest.​


Det er ei eiga ressursgruppe i Helse Vest som jobbar ekstra med likestilling, inkludering og sykefråvær. Desse er med i gruppa:

  • Helse Bergen HF – Tone Hepsøe, Linda Greve Iversen og Neil Lawther
  • Helse Fonna HF – Rita Riise og Ingunn Grønnestad
  • Helse Førde HF – Halvard Brekke og Torstein Nygård
  • Helse Stavanger HF – Henrikke Fredenborg, Frida Helene Skår og Jan Åge Moen
  • Haraldsplass Diakonale Sykehus – Mira Mykletun​
  • Helse Vest IKT AS – Elisabeth Skeide Larsen og Tove Alice Koll
  • Sjukehusapoteka Vest HF – Anne Midtun Reksten og Linn Marie Sjøvold
  • Helse Vest RHF – Gina B. Holsen

Gruppa jobber med fleire områdar. Hovudmålet er å bidra til å auke nærværet og redusere sjukefråværet blant medarbeidarane våre. Tiltaka er blant anna å

  • sjå til at det blir undersøkt og rapportert i årleg likestilling, inkludering og mangfaldsutgreiinga.
  • få fleire til å ta kurs om inkluderande rekruttering
  • informere leiarar om likestilling og likebehandling 
  • ha inkludering og mangfald som tema i interne rutinar, kurs og medarbeidarsamtalar

 

 

 

Sist oppdatert 04.07.2024