Inkluderingsarbeid
Felles samfunnsoppdrag for å få fleire ut i jobb.
I 2018 lanserte Regjeringa
Inkluderingsdugnaden, der hovudmålet er auka deltaking i yrkeslivet.
– Ved å rekruttere personar med ulik bakgrunn og livssituasjon og inkluderer dei hos oss, gir dette verdi og vi får den kompetansen vi treng. Dette skapar gode miljø å arbeide i. Det er viktig at vi sjølve speglar det samfunnet vi arbeider på vegner av, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest.
Dei administrerande direktørane i Helse Vest gjekk 7. juni 2021 inn for at inkluderande rekruttering skal vere eit satsingsområde. Dette er i tråd med nasjonale krav om likestillig og inkludering. I Helse Vest har vi ei regional nettverksgruppe med representantar frå alle føretak, som arbeider med dette.
Inkludering skal vere tema i møte med FAMU/AMU, tillitsvalde og verneteneste.
Eigne – og ofte ubevisste haldningar – kan medverke til at vi ikkje fangar opp alle dei gode kandidatane. Det er mange godt kvalifiserte søkjarar med ulik bakgrunn og kvalitetar, som kan bidra til eit allsidig og godt arbeidsmiljø. Våre verdiar respekt, kvalitet og tryggleik støttar også opp om dette. Det er laga e-læringskurs som skal hjelpe til med korleis vi rekrutterer i Helse Vest.
Sjå denne vesle tankevekkjaren, som set det heile på spissen:
Føretaksgruppa i Helse Vest skal fremje likestilling og hindre diskriminering, og skal så langt som mogleg spegle mangfaldet i befolkninga. Føretaksgruppa integrerer dette i det strategiske arbeidet, utviklingsarbeidet og i lønns- og personalpolitikken.
Det er eit mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. Føretaksgruppa i Helse Vest arbeider aktivt for å sikre likebehandling, mellom anna når det gjeld rekruttering, forfremjing, utviklingsmoglegheiter og arbeidsoppgåver.
Helse Vest legg vekt på vere ein attraktiv arbeidsgivar, uavhengig av bakgrunn og kjønn til våre medarbeidarar. For oss betyr likestilling og mangfald like rettar og moglegheiter til å bidra i organisasjonen. Vi tek aktive skritt for å fremje like rettar og moglegheiter for medarbeidarar, uavhengig av kjønn, nasjonalitet, etnisk opphav eller religiøs tilknyting, for på den måten å kunne leggje tilhøva betre til rette for eit nytenkjande og inkluderande arbeidsliv.
"Arbeidsgivers aktivitet- og redegjørelsesplikt" - frå LDO
Inkluderande rekruttering
- løfte fram gode initiativ og tiltak som helseføretaka gjer i dette arbeidet
- rapportere på tiltak som er tekne i bruk for å sikre god praksis for inkluderande rekruttering
- sikre at vi ikkje støyter ut medarbeidarar, eller bidreg til at medabeidarar blir uføre
- ha eksisterande tiltak og rutinar for å sikre at eigne medarbeidarar ikkje fell ut, men gjere det mogleg å behalde eit arbeid dei er kvalifiserte for, er overorda ny rekruttering utanfrå
- sørgje for at inkluderande rekruttering skal balanserast med kvalifikasjonsprinsippet ved tilsettingar
- vidareføre godt IA-arbeid
- vurdere å bruke "springbrett" og/eller traineeordning
- Helse Bergen HF – Tone Hepsøe og Linda Greve Iversen
- Helse Fonna HF – Rita Riise og Ingunn Grønnestad
- Helse Førde HF – Halvard Brekke og Inger Johanne Sætenes
- Helse Stavanger HF – Jan Åge Moen
- Haraldsplass Diakonale Sykehus – Kristian Børnes og Mira Mykletun
- Helse Vest IKT AS – Elisabeth Skeide Larsen og Christina Egeland
- Sjukehusapoteka Vest HF – Anne Midtun Reksten og Linn Marie Sjøvold
- Helse Vest RHF – Gina B. Holsen