logo Helse Vest
Møllebukta. Sverd i fjell.

Om oss

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke.

 

​Vi ​sørgjer for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på.

Verksemda omfattar spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.

Våre hovudoppgåver er å sørgje for​ pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og ​forsking.

Her kan du lese meir om våre hovudoppgåver. 

Helse Vest eig dei fem helseføretaka i regionen og er konsernleiing for føretaksgruppa. I tillegg eig ​​Helse Vest IKT-selskapet Helse Vest IKT AS. Det er kring 80 tilsette i Helse Vest RHF, som held til i Stavanger sentrum.

Les meir om våre helseføretak og våre felleseide nasjonale selskap.

Helse Vest er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg, og er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. 

Oppdragsdokument og styringsdokument

Vedtekter for Helse Vest RHF

Helse 2035 er den overordna verksemdstrategien for Helse Vest.

Den regionale utviklingsplan tek verksemdstrategien eitt steg vidare, og peikar både på ønska utviklingsretning og overordna tiltak. 

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen.

Regionale planar og strategiar er planar som gjeld for heile Helse Vest og som skal bidra til koordinert og samordna utvikling på tvers av føretaka og einingane. Regionale fagplanane dekkjer utvalde helsefaglege tema eller område mens funksjonsplanane omhandlar organisatoriske funksjonsområde. 

Føretaka i Helse Vest følgjer opp dei overordna strategiane, planane og føringane gjennom eigne og lokalt tilpassa strategiar og planar. 

Samfunns​oppdraget vårt, i høve til menneske, miljø og samfunn

Samfunnsansvar og det å vere ansvarlege verksemder handlar om korleis vi i spesialisthelsetenesta løyser samfunnsoppdraget vårt, i samspel med andre. Korleis påverkar verksemda vår menneske, miljø og samfunn?

 

Klima og miljø

Våre helseføretak

Frå nord til sør: Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest. I tillegg har vi aksjeselskapet Helse Vest IKT AS.
Meir om helseføretaka
En gruppe mennesker i hvite labfrakker
Sist oppdatert 28.05.2024