logo Helse Vest

Organisering og kart

Helse- og omsorgsdepartementet har det overordna ansvaret for alle sjukehusa i Noreg. Staten er eigar og bevilger pengar til sjukehusa over statsbudsjetta. Med helsereforma blei spesialisthelsetenesta organisert i fire regionale helseføretak.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) er eitt av fire regionale helseføretak. Vi er den strategiske eininga som eig helseføretaka/sjukehusa i regionen. 

Helseføretaka/sjukehusa tilbyr befolkninga spesialisert behandling.
I tillegg har helseføretaka/sjukehusa oppgåver innanfor forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.

Det regionale helseforetaket har omlag 80 medarbeidarar, som ivaretek ulike oppgåver, slik Helse- og omsorgsdepartementet har definert det gjennom helsereforma.​

Sist oppdatert 18.04.2024