logo Helse Vest

Beintetthetsmåling (måling av beintettleiken): Eigenerklæring

Eigenerklæring for pasientar som er innkalte for utgreiing, behandling og oppfølging av beinskjørheit/osteoporose.

For English, please contact your hospital.

For at vi skal kunne gi deg best mogleg behandling, treng vi informasjon i forkant av oppmøtet på sjukehuset.

Dersom du har brukar med full tilgang til tenestene på Helsenorge vil du få tilsendt skjemaoppgave på Helsenorge og kan sende skjemaet inn digitalt.

Les meir om tilgang til tenester på Helsenorge

Alternativ for deg som ikkje bruker Helsenorge

For deg som ikkje vil, eller ikkje kan, bruke tenestene på Helsenorge, er det mogleg å skrive ut skjemaet frå denne sida, og levere til sjukehuset innan 1-2 veker. Alternativt kan du kontakte avdelinga som har kalt deg inn for å få tilsendt skjemaet i posten.

Last ned fil for utskrift og utfylling på papir (PDF)

Sist oppdatert 15.02.2024