Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ofte stilte spørsmål

Generelt for alle søknadskategorier

Berre helseføretak i Helse Vest og private ideelle institusjonar i regionen med avtale med Helse Vest kan ha rolla som søkarinstitusjon og forankre søknader.  

Alle søknadar skal ha éin klart definert søkarinstitusjon (vertsinstitusjon) som i heile prosjektperioden vil ha økonomi- og personalansvar og ha ansvar for gjennomføring og rapportering i prosjektet. 

Sjå: Kven kan søkje forskingsmidlar? - Helse Vest RHF 

For alle søknader er det eit krav at den blir forankra av klinikkdirektør/avdelingsleiar ved søkarinstitusjonen (sjå spørsmålet «Kva er ein søkarinstitusjon» over). Forankringa stadfestar at leiar støttar søknaden. Forankringa inneber òg at leiar godkjenner at tilsette i klinikken som skal delta i prosjektet bruker tid på forsking, og at dette kan krevje bidrag og ressursar frå klinikken. Søknadssystemet (eSøknad) sender automatisk e-post til leiar og ber om forankring etter at søknad er innlevert. 

Nei. Det er ikkje obligatorisk å legge inn namn på brukarrepresentant i deltakarlista, men det må leggjast til ein kontaktperson frå brukarorganisasjonen som kan bekrefte prosjektdeltaking. Brukarmedverknad skal alltid gjerast greie for i søknaden. 

Som hovudregel nei. Helse Vest-midlar kan berre finansiere aktivitet som er i tråd med retningslinjene, og kostnader utanfor regionen må normalt dekkast frå andre kjelder. 

Doktorgradsstipend

Vitnemål frå Vitnemålsportalen kan nyttast. Dersom dette ikkje er tilgjengeleg, er skanna vitnemål med Diploma Supplement og karakterutskrift tilstrekkeleg dokumentasjon.   

Åpen prosjektstøtte

Ja. Prosjektleiar kan søkje om forskingstid dersom vedkomande er klinikar, anna forskingspersonell eller støttepersonell ved helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Dette bør forankrast godt med leiar før søknad sendes, sjå spørsmål om leiarforankring.

Søkarinstitusjonen skal lyse ut stipendet eksternt og tilsetje kandidaten dersom prosjektet får tildeling. Dette bør forankrast godt med leiar før søknad sendes, sjå spørsmål om leiarforankring. Berre helseføretak i Helse Vest og private ideelle institusjonar i regionen med avtale med Helse Vest kan ha rolla som søkarinstitusjon og forankre søknader. Sjå: Kven kan søkje forskingsmidlar? - Helse Vest RHF

Intensjonsbrev kan leggjast ved dersom prosjektet omfattar reelt forskingssamarbeid med samarbeidsorganet sine institusjonar i ulike geografiske delar av regionen. Merk at pasientinklusjon og/eller yting av forskingstenester åleine ikkje blir rekna som forskingssamarbeid i denne samanheng. Intensjonsbrev må vere signerte på leiarnivå og skal lastast opp som vedlegg i eSøknad. Vurderingskomiteane kan ikkje sjå brev sendt på andre måtar (e-post, Elements eller liknande).  

Regionalt samarbeid skal dokumenterast, sjå krav til vedlegg:

Nei. Kravet gjeld forskingssamarbeid med andre av samarbeidsorganet sine institusjonar i ulike geografiske delar av regionen. Samarbeid utanfor regionen krev normalt ikkje intensjonsbrev. 

Ved søknader om Open prosjektstøtte kan dokumentert regionalt forskingssamarbeid telje positivt dersom søknader elles vurderast likt med omsyn til kvalitet og nytte

Ja. Det kan søkjast om eitt treårig Forskarstipend utan namngitt kandidat dersom prosjektomfanget tilseier det. Forskarstipendet kjem i tillegg til den ordinære budsjettramma for Open prosjektstøtte.  

Nei. Det er ikkje mogleg å legge inn ph.d.-stipend i Open prosjektstøtte. 

Nei. Det er ikkje høve til å frikjøpe eller lønne personar i UH-sektoren, instituttsektoren, andre helseregionar eller i utlandet. 

Søkjarar som fekk tildelt Open prosjektstøtte i 2025 (prosjektstart 2026) kan ikkje søkje i denne utlysinga. Dei som har karantene og difor ikkje kan søkje i år er: 

  1. Søkjarar som fekk tildelt midlar i søknadskategori Open prosjektstøtte i 2025 (prosjektstart i 2026). 
  1. Prosjektleiarar som har ubrukte midlar ved avslutta prosjektperiode tilsvarande eitt års tildeling eller meir. Det blir teke utgangspunkt i rekneskapsrapportering for siste år med friske midlar.  

Ta kontakt med sekretariatet for Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon om du har spørsmål knytt til dette. E-post: forskning@helse-vest.no.

Sist oppdatert 10.09.2026