To kvinnelige pleiere, ser på rapport. Foto.

Opplæring

Vi har fleire gode tilbod for pasientar og pårørande. Opplæring av pasientar og pårørande gir kunnskap, ferdigheiter og haldninger som bidreg til å kunne handtere sjukdom og fremme helse i kvardagen.

Helseføretaka tilbyr opplæring av pasientar og pårørande innanfor somatikk, psykisk helsevern og rusbehandling.

Det er etablert lærings- og meistringssenter (LMS) i alle helseføretaka i Helse Vest. Lærings- og meistringssentra er ein møteplass for helsepersonell, erfarne brukarar, pasientar og deira pårørande.

Læringstilboda blir utvikla, gjennomførte og evaluerte i eit likeverdig samarbeid mellom fagpersonar og brukarar, som deler erfaringar og kunnskap. Gjennom læringstilboda får pasientar og pårørande informasjon, kunnskap og bistand til å handtere langvarig sjukdom og helseforandringar, med mål om betre innsikt i og meistring av eigen situasjon.

Lærings- og meistringssentra er ein ressurs for helseføretaka når det gjeld gruppebasert pasient- og pårørande​​opplæring. Dei gruppebaserte opplæringstilboda kjem i tillegg til individuell informasjon og opplæring i avdelingane.

Fleire av helseføretaka har desentraliserte lærings- og meistringstilbod slik at tilboda skal vere lettare tilgjengelege for brukarane.

Tilskot til helsefremjande arbeid - Informasjon og søknadsskjema.

Vi deler ut kring 9,8 millionar kroner til brukarorganisasjonar kvart år. Støtta går til brukarmedverknad, kurs og informasjonsarbeid.​​

Sist oppdatert 17.04.2023