logo Helse Vest
Malerpensler i glass, som står på et bord. Foto.

Psykisk helse og rus

Tidleg hjelp er eit godt utgangspunkt for å gjenvinne oversikt og kontroll over livet!

​Helse Vest RHF har ansvaret for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling for rusmidd​elavhengigheit (TSB) til befolkninga i regionen. Behandlingstilbodet blir gitt av sjukehusa og av private avtalepartar.

Poliklinisk konsultasjon er den vanlegaste behandlinga, både innanfor psykisk helsevern og TSB, men nokre gonger er innlegging nødvendig. Det finst også dagbehandling og ambulant (oppsøkjande) behandling.

Tilvising

For å bli vurdert til behandling innanfor psykisk helsevern, må tilvisaren sende tilvising til spesialisthelsetjenesta.

Tilvisinga bør innehalde (informasjon frå Helsedirektoratet)

For å bli vurdert til behandling innanfor psykisk helsevern, må tilvisaren sende tilvising til spesialisthelsetjenesta.

Tilvisinga bør innehalde (informasjon frå Helsedirektoratet)

For å bli tilvist til rusbehandling må enten fastlege eller den kommunale sosialtenesta (NAV eller helse- og sosialkontor) sende tilvisinga.

Tilvisinga bør innehalde (informasjon frå Helsedirektoratet)

Nasjonale pasientforløp p​sykisk helse og rusVelg behandlingssted ​psykisk helsevern og TSB


Felles tilvisingsmottak

​Helse Vest RHF etablerer no eit regionalt prosjekt for innføring av felles tilvisingsmottak i psykisk helsevern. Hensikta er å koordinere arbeidet mellom helseføretaka og avtalespesialistane i regionen.

Felles tilvisingsmottak

Regional plan og handlingsplan​

Regional plan psykisk helse 2020-2024 (PDF)Regional plan - handlingsplan september 2020 (PDF)

​Psykisk helsevern for barn og unge

Helse Vest tilbyr behandling ved barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar i alle fylke på Vestlandet. Psykisk helsevern for barn og unge rettar seg mot barn og unge under 18 år med psykiske vanskar, og deira familiar.

Dette kan for eksempel vere utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrringar, AD/HD, depresjon, tvangslidingar, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar, skulevegring og anna. Her er våre behandlingstilbod:

Regional funksjon for hørsel og psykisk helse

Helse Bergen ivaretek den regionale funksjonen for høyrsel og psykisk helse for barn og unge. Pasientar blir tilviste til poliklinisk behandling frå sin fastlege eller BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk).

Regionalt senter for hørsel og psykisk helse

Regional avdeling for eteforstyrringar

Helse Bergen har ei regional avdeling som ivaretek ansvaret for eteforstyrringar. Pasientar blir tilviste frå sin fastlege, DPS (distriktspsykiatrisk senter) eller sjukehus.

Helse Bergen, psykiatrisk klinikk, eteforstyrringar

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

Pasientar med autisme, ADHD og Tourettes syndrom blir utgreidde og behandla både innanfor habilitering og i psykisk helsevern, både for barn og vaksne.

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi

 

Psykisk helsevern for vaksne

Poliklinisk behandling er den vanlegaste behandlinga for vaksne. Nokre gonger er innlegging nødvendig. Her er behandlingstilboda i Helse Vest:

Ved medikamentfri behandling mottek pasienten aktiv behandling for ei psykisk liding, utan bruk av medisinar. Pasienten kan også velje om han eller ho ønskjer å bruke færre medisiner og/eller lågare dosar. Pasienten får god informasjon om fordeler og ulemper ved dei behandlingsalternativa som finst, slik at pasienten kan velje kva behandlingsalternativ som er det beste for han eller ho.

Det medisinfrie tilbodet skal vere del av det ordinære tilbodet i psykisk helsevern, og gjeld om du er innlagt til døgnbehandling eller om du går til poliklinisk behandling.

Les meir på helse-bergen.no

eMeistring er rettleiia internettbehandling for dei som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon. Du treng ikkje tilvising frå fastlege, men kan sjølv ta direkte kontakt med eMeistring. 

Les meir om tilbodet:


​Rusbehandling (TSB)

Poliklinisk behandling er den vanlegaste behandlinga for vaksne. Nokre gonger er innlegging nødvendig. Her er behandlingstilboda i Helse Vest:

Helse Førde​ – TSB

Helse Bergen – TSB

Helse Fonna – TSB

Helse Stavanger – TSB

I forbindelse med kjøp av døgnplassar frå private leverandørar er det utarbeidd følgjande definisjonar på døgntilboda.

Helse Vest har avtale med sju leverandørar om åtte behandlingstilbod.

Avtalen med Helse Vest ser slik ut.

Leverandørene har levert tilbod etter følgjande kravspesifikasjon.

Rusbehandling - private avtalar

Pårørande

Pårørande kan vere foreldre, barn, søsken, ektefelle, besteforeldre, venner, partnar. Vi ønskjer å gi eit tilbod til alle som definerer seg sjølv som pårørande.

Når pasienten er i behandling, gjeld lov om pasient- og brukarettar. Då er det pasienten sjølv som bestemmer kven som er pårørande. Pårørande har då tilgang til informasjon om, og involvering i, behandlinga etter pasientens samtykke.

Pårørande har krav på generell informasjon om behandlingsstaden, uavhengig av om pasienten samtykker eller ikkje. På Helsenorge finn du meir informasjon:

Tilbod for pårøra​​nde

Når barn blir pårørande

​​

Sist oppdatert 28.04.2023