Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Avvising av søknadar

Søknadar som ikke oppfyller krava i utlysinga kan bli avviste. Prosjektleiar (søkjar) må derfor sikre at søknaden er komplett og at alle formatkrav er overhaldne. 

Under er det lista opp årsaker til at søknaden blir avvist

Grunnlag for avvising

Søknaden er forsøkt levert inn etter at søknadsfristen er utløpt.

​Databasen blir stengd automatisk. Søknaden kan ikkje ettersendast på e-post.

Det er ikkje mogeleg å levere identisk prosjektframstilling (forskingsprotokollar) i fleire søknadskategoriar, til dømes i søknad om doktorgradsstipend og søknad om open prosjektstøtte. Kvar søknad skal speile dei krava som ligg til søknadskategorien, jf. retningslinjer og mal for prosjektframstilling. Søknader med identiske protokollar vil bli lagt til side. 

Søkjarar har kun høve til å sende ein søknad for kvar søknadskategori. Dersom det sendast fleire søknader i same kategori vil kun ein søknad sendast videre til vurderingskomiteen.

Grunnlag for avvising

Søknaden manglar obligatoriske vedlegg, eller at vedlegga ikkje er i høve til krava.

​Vedlegg kan ikkje ettersendast per e-post etter at søknadsfristen er utløpt. Sjå retningslinjer for aktuell søknadskategori for informasjon om kva vedlegg som er obligatoriske.

Grunnlag for avvising

Prosjektframstillinga manglar informasjon om brukarmedverknad i prosjektet.  Dette gjeld også om brukarmedverknad ikkje er relevant.

​Jf. Formål og kriterium. Sjå også mal for prosjektframstilling.

Grunnlag for avvising

Søkjar er ikkje tilsett i minst 20 prosent stilling ved eit helseføretak/privat, ideell institusjon, og det føreligg ingen gyldig forankringsavtale.

​Jf. retningslinjer for kven som kan søkje Helse Vests forskingsmidlar.

Grunnlag for avvising

Korkje stipendiat, hovudrettleiar eller prosjektleiar er tilsett i minst 20 prosent stilling ved godkjend søknadsinstitusjon, og det føreligg ingen gyldig forankringsavtale.

​J​f. retningslinjer for kven som kan søkje Helse Vests forskingsmidlar, og retningslinjer for doktorgradsstipend.

Grunnlag for avvising - 1

Riktig versjon av forankringsavtalen er ikkje brukt.

​Det blir laga ny mal for forankringsavtale for kvar utlysing, som kan lastast ned frå nettsidene til Helse Vest.

Grunnlag for avvising - 2

Forankringsavtalen manglar gyldige underskrifter.

​Avtalen skal signerast i tråd med fullmaktstrukturen i instutusjonane, og skal vere minimum på nivået klinikkdirektør, instituttleiar o.l.

Grunnlag for avvising

Det er søkt om høgare beløp enn det som er tilate for søknadskategorien.

​Jf. retningslinjer for open prosjektstøtte, klinisk karrierestipend og korttidsprosjekt.​

Grunnlag for avvising

Kandidaten har ikkje avlagd mastergrad på søknadstidspunktet.

​Ved søknadar om doktorgradsstipend skal vitnemål og karakterutskrift frå masterutdanninga leggjast ved søknaden, og er som følgjer ein del av vurderinga. Kandidaten skal derfor ha avlagd mastergrad før søknad om doktorgradsstipend blir send inn. Jf. retningslinjer for doktorgradsstipend.

Grunnlag for avvising

Det blir ikkje gitt stipend dersom kandidaten tidlegare har hatt postdoktorstipend ved ein institusjon i regionen.

Jf. retningslinjene for postdoktorstipend.

Grunnlag for avvising

Søkjar (prosjektleiar) har ikkje avlagd doktorgrad.

​​​Jf. retningslinjene for open prosjektstøtte.​

Sist oppdatert 23.06.2022