logo Helse Vest

Kven kan søkje forskingsmidlar?

Som hovudregel må søkjaren vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Les meir om dette og unntak frå regelen under.

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet

Tilsettingskrav

Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.

Ved søknadar om doktorgradsstipend må anten stipendiaten, hovudrettleiaren eller prosjektleiaren vere tilsett ved (i minimum 20 %) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat, ideell institusjon​som har avtale med Helse Vest. Merk: I søknader om doktorgradsstipend skal kandidaten alltid stå som søkjar. Tilsetingsvilkåra må komme fram i CV til stipendiat, hovudrettleiar og eller prosjektleiar. 

Førebels tilsett på søknadstidspunktet

Dersom søkjaren er førebels tilsett ved søknadstidspunktet må søkjaren avklare med eventuell framtidig arbeidsgivar at søknaden blir forankra i avdelinga/søkjarinstitusjonen.

Søknadstilgang for ikkje-tilsette

​Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved følgjande institusjonar søkje med forankringsavtale:

  • universitet og høgskular i regionen
  • rus- og rehabiliteringsinstitusjonar

Ved søknad om doktorgradsstipend må stipendiat, hovudrettleiar, eller prosjektleiar vere tilsett i ein av institusjonanene nevnt ovanfor.

Merk! Forankringsavtale kan ikkje nyttast for søknadskategoriane klinisk forskarstipend og klinisk karrierestipend.

Forankringsavtalen skal inngåast mellom helseføretak/privat, ideell institusjon ved klinikk, avdeling eller liknande og søkjarens institusjon ved instituttnivå eller liknande. Avtalen skal signerast i tråd med fullmaktsstrukturen i institusjonane, og skal minimum vere på nivået klinikkdirektør, instituttleiar e.l.

Forankringsavtale for søknadsåret 2025

Merk:​

  • Signert skjema må skannast og leggjast ved søknaden som del av "Alle andre vedlegg".

  • Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).

  • ​Det må leggjast fram ny forankringsavtale for kvar søknadsrunde.

Sist oppdatert 22.03.2024