logo Helse Vest

Posisjoneringsmidlar for satsing mot EU og Norges forskingsråd

Posisjoneringsmidlane skal vere til støtte for førebuing og nettverksbygging i samband med søknadsutforming retta mot EU og Forskingsrådet og skal bidra til søknader av høg kvalitet.

Midlane kan nyttast til organisering/deltaking i workshops/seminar, reiser, tilrettelegging for kontakt med næringsliv og små og mellomstore bedriftar, assistanse til søknadsskriving, og/eller frikjøp til søknadsskriving, o.a.

Midlane kan også nyttast t​il søknadsskriving til COST Actions, der eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon​ med avtale med Helse Vest er oppført som «Chair» for aktiviteten i nettverket.

Merk! Det må søkjast om posisjoneringsmidlar i god tid før fristen på den aktuelle utlysinga går ut. Midlane kan ikkje brukast til andre utlysingar, og det er krav om rapportering.  

 Helse Vest kan gi posisjoneringsmidlar til prosjektsøknadar innanfor program/utlysingar som inngår i årleg rapportering av nøkkeltal til NIFU. Dei mest aktuelle programma er lista under. Andre utlysingar kan likevel vere aktuelle. Ta kontakt med forskning@helse-vest.no om du ikkje finn programmet du vil søkje på i listene under.  

 

Ved søknadar om posisjoneringsmidlar må søkjaren vere tilsett i eit helseføretak i regionen eller i ein privat, ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Søkjaren må ha avlagt doktorgrad. Det er utarbeidd eit eige søknadsskjema for midlane.

​Det kan gis posisjoneringsmidlar for prosjektsøknader innanfor program/utlysningar som inngår i årlig nøkkeltallsrapportering til NIFU. Døme på slike program er: 

  • ​Health, demographic change and wellbeing
  • Marie Curie Actions
  • European Reseach Council (ERC)
  • Food quality and marine research
  • Leadership in enabling and industrial technologies: ICT
  • Leadership in enabling and industrial technologies: Nanotechnologies, advanced materials, biotechnology, and advanced manufacturing and processing
  • Future and Emerging Technologies
  • Innovative Health Initiative (IMI)
  • Active and Assisted Living Joint Programme (AAL)
  • Neurodegenerative Disease Research Joint Program (JPND)
  • European Cooperation in Science and Technology (COST)

Andre utlysingar kan også vere aktuelle. Ta gjerne kontakt med forskning@helse-vest.no dersom du lurer på om du kan søkje om posisjoneringsmidlar retta mot andre program/utlysningar.

Søknadsskjema, satsing mot EU-søknad​er

Det kan søkjast om:

  • kr 50 000 for å bli partnar i prosjektsøknadar
  • kr 50 000 til søknadsskriving av COST Actions der eit helseføretak /privat, ideell institusjon med avtale med Helse Vest er oppført som "Chair" for aktiviteten i nettverket.
  • kr 150 000 som koordinator for prosjektsøknadar​​

Søknadsskjema, satsing mot EU

Det kan gis posisjoneringsmidlar for prosjektsøknader innanfor program/utlysningar som inngår i årlig nøkkeltallsrapportering til NIFU. Døme på slike program er: 

  • ​Bedre helse og livskvalitet gjennom livsløpet (BEDREHELSE)
  • Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstjenester (HELSEVEL)
  • God og treffsikker diagnostikk, behandling og rehabilitering (BEHANDLING)
  • Global helse- og vaksinasjonsforskning (GLOBVAC)
  • Fri prosjektstøtte (FRIPRO)
  • Senter for Fremragende Forskning (SFF)
  • Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI)
  • Senter for Kunstig intelligens (KI-senter)
  • Infrastruktur
  • Forskningssenter for Klinisk Behandling
  • Innovasjon i offentlig sektor
  • Førkommersiell anskaffelser
  • Pilot Helse
  • KSP
 
Andre utlysingar kan også vere aktuelle. Ta gjerne kontakt med forskning@helse-vest.no dersom du lurer på om du kan søkje om posisjoneringsmidlar retta mot andre program/utlysningar. 

Søknadskjema, retta mot NFR-søknader

Søknadsskjema, retta mot NFR-søknader

Det kan søkjast om midlar for posisjonering inntil:

  • kr 50 000 som prosjektansvarleg for søknaden (project owner)
  • kr 150 000 som prosjektansvarleg for søknad til store program (SFI, SFF, SKB, KI, infrastruktur og tilsvarende) 

Gjeld EU-midlar:
For å få tildelt posisjoneringsmidlar retta mot EU må eit føretak i Helse Vest vere/bli oppført som administrativ og juridisk kontraktspartnar/koordinator i EU-søknaden. JRU-avtaler gir ikkje grunnlag for tildeling av posisjoneringsmidlar

For korrekt forankring av søknad må følgjande PIC-kodar nyttast:

  • Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus: 983562444
  • Helse Stavanger HF, Stavanger universitetssjukehus: 997441592 
  • Helse Førde HF, (kontakt fag- eller forskingsansvarleg ved institusjonen)
  • Helse Fonna HF, (kontakt fag- eller forskingsansvarleg ved institusjonen)
  • Sjukehusapoteka Vest HF (kontakt fag- eller forskingsansvarleg ved institusjonen)
  • Private ideelle med avtale (kontakt fag- eller forskingsansvarleg ved institusjonen)

Ved innsending av mellom anna partnarskapssøknad er det ikkje alltid krav om å føre opp PIC-nummer i søknadsskjemaet. Institusjonsadressene slik dei står ovanfor, skal då nyttast for å sikre korrekt forankring. Kvittering for innsendt søknad og stadfesting på at institusjonen støttar EU-søknaden må sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.

Gjeld Forskingsrådet:
For å få tildelt posisjoneringsmidlar retta mot Forskingsrådet må eit føretak i Helse Vest bli oppført som prosjektansvarleg for søknaden. For korrekt forankring av søknad om forskingsmidlar frå NFR som prosjektansvarleg, må følgjande institusjonsadresser/organisasjonsnummer nyttast:

  • Helse Bergen HF, organisasjonsnummer 983974724
  • Helse Stavanger HF, organisasjonsnummer 983974678
  • Helse Fonna HF, organisasjonsnummer 983974694
  • Helse Førde HF, organisasjonsnummer 983974732
  • Sjukehusapoteka Vest HF, organisasjonsnummer 983974716

Merk at posisjoneringsmidlane vil bli trekt tilbake dersom det blir sendt inn søknad som ikkje er forankra i eit helseføretak, dvs. manglande bruk av organisasjonsnr eller rett institusjonsadresse. Kvittering for innsendt søknad må sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.

 

Regnskapsføring

Ved tildeling av posisjoneringsmidlar skal midlane rekneskapsførast i eit helseføretak i regionen, eller i ein privat, ideell institusjon som har avtale med Helse Vest, jf. dei generelle retningslinjene for forskingsmidlane og oppdragsdokumentet frå Helse- og omsorgsdepartementet til dei regionale helseføretaka i 2012.

Spørsmål om posisjoneringsmidlar kan sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.

Ved tildeling av posisjoneringsmidlar skal midlane rekneskapsførast i eit helseføretak i regionen, eller i ein privat, ideell institusjon som har avtale med Helse Vest, jf. dei generelle retningslinjene for forskingsmidlane og oppdragsdokumentet frå Helse- og omsorgsdepartementet til dei regionale helseføretaka i 2012.

Spørsmål om posisjoneringsmidlar kan sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.

Sist oppdatert 10.10.2024