logo Helse Vest

Retningslinjer for permisjonar

Det regionale samarbeidsorganet har utarbeidd nokre generelle retningslinjer for permisjon for mottakarar forskingsmidlar frå Helse Vest.

​​​​Lovfesta fråvær

Dette gjeld foreldre- og omsorgspermisjon samt sykefråvær over 16 samanhengande dager. Søknad om fråvær eller permisjon skal på vanleg måte sendast til arbeidsgivar, dvs. den institusjonen der det er inngått arbeidskontrakt. Eventuelle spørsmål om løn under permisjonen skal rettast til arbeidsgivar eller NAV. Samarbeidsorganet v/Helse Vest har ikkje arbeidsgivaransvar for mottakarar av forskingsmidlar. 

Ubrukte midlar som følgje av permisjon eller fravær må søkjast overført ved årsrapporteringen i januar. Det må samtidig leggjast fram ein ny plan for gjennnomføring, og ny tentativ sluttdato på bakgrunn av fråvær.  

Andre permisjonar 

Det kan innvilgast permisjon på anna grunnlag enn foreldre- og omsorgspermisjonar. Det må søkjast om dette for kvart enkelt tilfelle. Send søknad med grunngiving til forskning@helse-vest.no​.

    • Forseinkingar grunna koronasituasjonen                                    ​Forskarar og stipendiatar som vart kalla ut i beredskap i klinikken eller som på andre måtar blir forhindra frå å forske som følgje av koronapandemien, må melde frå til Samarbeidsorganet om det ønskjast permisjon fra stipendet/forskingsprosjektet i en gitt periode.  Ubrukte forskingsmidlar grunna slik permisjon, kan søkjast overført til neste år gjennom den vanlige prosessen med rekneskapsrapportering og søknad om overføring av midlar. Lenke til dette vil bli sendt ut i desember. Utover dette gjør vi oppmerksam på at Helse Vest ikkje har ekstra midlar til å dekke ev. tapt forskingstid som følgje av koronasituasjonen.  

Endring av stillingsprosent

​St​ipendet utbetales i enten 50/100 prosent stilling. Dersom man skal bytte fra 50 til 100 eller omvendt må det sendes søknad til Samarbeidsorganet. 

Se også retningslinjer for overføring av ubrukte midler. ​         


Sist oppdatert 17.02.2022