Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strategiske satsingar

Strategiske midlar til å forske på praksisvariasjon innan psykisk helsevern

Senter for populasjonshelse har fått 20 millionar i strategiske midlar frå Helse Vest, og markerte dette med eit fagleg seminar måndag 5. mai i Bikuben, Haukeland universitetssjukehus.

Senter for populasjonshelse ved Divisjon psykisk helsevern vart oppretta sommaren 2024. Senteret er leia av professor Arnstein Mykletun og aktiviteten er primært finansiert av eksterne midlar frå Forskningsrådet og Helse Vest.

- Det er eit privilegium å drive forsking ein stad kor leiinga forstår og er samd i at forskinga ein driv med er viktig, innleia senterleiar Arnstein Mykletun.

Ei lang rekke gratulantar stod klare for å overrekke sine helsingar.

- Gratulerer, Arnstein. Med dette senteret skal du ta kvantesprang, sa direktør for divisjon for psykisk helsevern Randi-Luise Møgster då ho opna seminaret. Vi må tørre å sikte litt høgt. Eg er utruleg stolt og glad over at Senter for populasjonshelse er eit av sentra i Divisjon for psykisk helsevern, sa divisjonsdirektøren.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Foto: Evelyn Myrå Holmøy

Frå venstre: Renate Grüner, Eivind Hansen, Arnstein Mykletun, Randi-Luise Møgster, Torunn Olsnes

Forskingsdirektør i Helse Vest, Renate Grüner, understreka at forsking er naudsynt for å etablere ny diagnostikk og behandling, men også et viktig verktøy for å gi kunnskap om kva vi skal gjere mindre av eller slutt med. Som skissert i prosjektet har forsking potensialet til skilje geografiske og praksisvariasjonar i behandlingstilbod, og forsøke å forstå kva som er rett nivå på behandlingsinnsats.

Administrerande direktør Eivind Hansen hadde ei engasjerande helsing der han rosa forskarane for allereie å ta aktiv del i samfunnsdebatten, og oppmoda til fleire gode diskusjonar i det opne rom. Han løfta fram betydninga av å forske på helseregister, men også samfunnsregister utanfor tenesta, for å forstå effekten av variasjon og korleis helsetenestene best kan hjelpe særleg barn og unge til gode liv.

Torunn Olsnes frå Det regionale samarbeidsorganet sa at dei strategiske forskingsmidlane skal vere noko meir enn eit ordinært forskingsprosjekt, og at komiteen som vurderte søknaden mellom anna var imponert over det sterke fagmiljøet bak søknaden, og trakk fram potensialet for resultat som kan bidra til å utvikle helsetenestene i regionen.

Ei kake med pynt og gratulasjon på

Foto: Evelyn Myrå Holmøy

Helse Vest sin gratulasjon i kakeform.

Kvifor eit senter for populasjonshelse?

Senteret har som mål å bygge kapasitet til forsking på populasjonsperspektiv på psykisk helse. Senteret skal utvikle metodar og design for å studere tilsikta og utilsikta effektar av helsetenester på globale utfallsmål over fleire år oppfølging.

- Vi er her for å skape litt dårleg stemning. Psykiatrien har ei historie med behandlingar som ettertida har innsett at var meir helseskadelege enn til gagn for pasienten. Vi ynskjer å finne ut om nokre behandlingar er mindre verksame, slik at vi kan bruke mindre av dei, sa Mykletun.

Bruk av registerdata i studiar av praksisvariasjon vil vere ein sentral metode. Senteret skal også studere drivarar bak plutselege aukingar i kor mange som søker hjelp for spesifikke diagnosar.  

- Vi ynskjer å identifisere praksisvariasjon der det er klinikarar som skal levere helsetenester er ueinige om kva som er beste behandling. Vi vil bruke registerdata til å identifisere praksisvariasjon, og vi vil omsetje praksisvariasjon til naturlege eksperiment, sa han.

Tildeling av strategiske midlar til åtte prosjekt

Totalt åtte prosjekt fekk tildelt midlar i potten for strategiske satsingar for 2025-2029. To av prosjekta held til ved SUS og seks av prosjekta held til ved Haukeland universitetssjukehus. Det blir arrangert tilsvarande oppstartsarrangement for alle åtte.

Strategisk satsing på forsking

Helse Vest gir kvart fjerde år stønad til utvalde forskingsprosjekt. Denne gongen kunne forskarar søke innan fire område:

  • Nye behandlingsmetodar
  • Bruk av kunstig intelligens og helsedata
  • Betre digitale helsetenester
  • Hjelp til barn og unge med langvarige helseplager

Det var 36 søknadar som vart vurderte i denne søknadsrunden. Ei ekspertgruppe har vurdert søknadane ut frå kvalitet og nytte. Dei åtte valde prosjekta skal også bidra til betre helsetenester, samarbeid mellom fagfolk og ny kunnskap.

Kva er strategiske satsingar?

  • Strategiske satsingar skal vere meir enn eit ordinært forskingsprosjekt. Satsingane skal auke kunnskapen innan det aktuelle forskingsfeltet, men òg setje spor vidare og virke inn på eller bidra til å betre helsetenesta og/eller samfunn som heilskap (impact).
  • Regionalt samarbeid. Satsingane skal dekke heile regionen, og det er forventa at satsingane inkluderer alle relevante miljø i regionen. Dersom det ikkje er mogleg, skal det grunngjevast i søknaden. Samarbeidsflater og dei ulike miljøa/institusjonane sine bidrag i satsinga skal gå fram av søknaden, og skal bli synleggjort i budsjett og deltakarliste.
  • Byggje kompetanse og nettverk. Dei strategiske satsingane skal la langsiktig mål om å byggje kompetanse og nettverk innanfor det aktuelle fagområdet med overføringsverdi/læring òg for andre fagområde. Søknaden bør mellom anna beskrive korleis ein skal bygge kompetanse og nettverk i løpet av prosjektperioden, og skissere korleis ein skal fortsette å vere strategiske aktørar saman også utover prosjektperioden.

Les meir om strategiske satsingar

Utlysing av midlar til nye strategiske forskingssatsingar

Sist oppdatert 16.05.2025