Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Utlysing av midlar til nye strategiske forskingssatsingar

Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse vest, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet har sett av midlar til etablering av nye strategiske forskingssatsingar i Helse vest . Midlar for perioden 2025 til og med 2029 blir lyst ut med frist 7. juni 2024. Det er sett av ei ramme på minimum 30 millionar kroner pr. år for tildeling til nye strategiske satsingar.

View page in English

Overordna målsetjing

Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverka til å sikra forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytta av forskinga. Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å sikra forsking og oppbygginga av forskingskompetanse i helseføretaka. Følgjande krav blir stilt til prosjekt som søkjer om midlar til dei tematiske områda, sjå også Prinsipp for strategiske satsingar.

Strategiske satsingar skal vera meir enn eit ordinært forskingsprosjekt  

Satsingane skal auka kunnskapen innan det aktuelle forskingsfeltet, men òg setje spor vidare og verka inn på eller bidra til å betra heilsetenesta og/eller samfunn som heilskap (impact).  

Regionalt samarbeid

Satsingane skal dekkja heile regionen, og det er forventa at satsingane inkluderer alle relevante miljø i regionen. Dersom det ikkje er mogeleg, skal det grunngjevast i søknaden. Samarbeidsflater og dei ulike miljøa/institusjonane sine bidrag i satsinga skal gå fram av søknaden, og skal synleggjerast i budsjett og deltakarliste.

Byggje kompetanse og nettverk

Dei strategiske satsingane skal la langsiktig mål om å byggje kompetanse og nettverk innanfor det aktuelle fagområdet med overføringsverdi/læring òg for andre fagområde. Søknaden bør mellom anna beskriva korleis ein skal byggja kompetanse og nettverk i løpet av prosjektperioden, og skissera korleis ein skal halda fram med å vere strategiske aktørar saman også utover prosjektperioden.

Kva kan det søkjast om

Tematiske område

Helseføretaka, universiteta, høgskulen og dei private ideelle institusjonane som har avtale med Helse vest, vart i januar 2024 invitert til å kome med forslag til nye strategiske satsingsområde. Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon har på bakgrunn av desse forslaga vedteke å lysa ut midlar til strategiske satsingar innan fire område.

  • Barn og unge med samansette og langvarige helseplager
  • Bruk av kunstig intelligens og helsedata til forbetring av heilsetenestar
  • Helsetenesteforsking for betre digitale og heilskaplege helsetenestar
  • Nye behandlingsformer

Det kan søkjast om inntil 4 mill. årleg i 3-5 år. Midlane kan nyttast til frikjøp av klinikarar (frikjøp med inntil 50 % stilling i heile satsingsperioden), forskingsstøttepersonell, driftsmidlar og stipendiatstillingar (doktorgrad og postdoktor). Personell finansiert av midlane skal tilsettast i eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse vest.

Prosjekt som krev utvikling eller forbetring av IT-system i Helse vest må synleggjera dette i søknaden og beskriva korleis dette er tenkt vareteke og planlagt. Om aktuelt vil sekretariatet innhenta vurdering frå Helse vest IKT som ledd i vurdering av søknaden.

Kven kan søkje – forankring

Dei regionale satsingane skal forankrast i eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon i regionen. Det er helseføretaket som vert ansvarleg for satsinga. Helseføretaka får også eit særskilt ansvar for å vidareutvikle det etablerte forskingsmiljøet i regionen også etter at finansiering frå regionalt samarbeidsorgan er avslutta. Prosjektleiar må vere sett til ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse vest.

Om tilsetjingskrava ikkje er oppfylte, kan personar sett til ved universitet og høgskular i regionen, og dessutan private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon. Forankringsavtalen skal avklara korleis prosjektleiars rolle og ansvar skal handterast i søkjarinstitusjonane seia styringslinje.

Mal for prosjektbeskrivning

Sjå også mal for prosjektbeskrivning som skal nyttast ved søknad. 

 

Søknadsskjema

 

Søknadsprosess

Om søknaden er innanfor tematikken i utlysinga og oppfyller retningslinjene for strategiske satsingar, vert søknaden sendt til ein ekstern vurderingskomité som vurderer søknadene etter vitskapeleg kvalitet og nytte.

Merk at det er opna for at det kan bli etablert fleire satsingar under den samen overordna tematikken. 

Endeleg vedtak om tildeling vert  gjorde av regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon på bakgrunn av innstillinga frå den eksterne komiteen og tilgjengelege midlar. Vedtak kan forventast i november 2024.

Spørsmål kan rettast til forskingsmidlar@helse-vest.no.

Sist oppdatert 04.04.2024