Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Vellukka oppstart for Innsjekk og betaling i tre føretak

Innsjekk og betaling fekk ei hektisk, men vellukka oppstart i Helse Fonna, Helse Stavanger og Helse Bergen førre veke. Ei fjør i hatten for prosjektet som klarte å ha kontroll på tre sjukehus under arbeidet.

Publisert 03.11.2020
Personer står foran ein automat og eit skilt, der du kan sjekke inn på sjukehuset. Foto.

41 arbeidstavler, 15 ventesonevisingar, 3 automatar og ein bankautomat i resepsjonen i Haugesund sjukehus, 8 arbeidstavler og 2 ventesonevisingar i Helse Stavanger og heile 44 lokaliseringar som startar betalingsløysinga i Helse Bergen.

Det var ikkje småtteri som skulle klargjerast for Vel møtt - Innsjekk og betaling førre veke, men med eitt team i Bergen, eitt i Haugesund og lokale ressursar i Stavanger var prosjektet godt rusta for den største produksjonssettinga dei har hatt til no.

For medan Stavanger universitetssjukehus fekk ankomstregistering og køstyring via Imatis på 8 poliklinikkar, fekk alle poliklinikkane, blodprøvelaben og pasientreiser ta i bruk heile Imatis-løysinga på Haugesund sjukehus.

Helse Bergen sine poliklinikkar derimot, fekk halde fram med å få innført betalingsløysinga, og har no til saman 80 poliklinikkeiningar som nyttar seg av Imatis betalingsløysing.

– Eit enkelt og oversiktleg system

Søvnlause netter måtte nok til for fleire då det var mykje utstyr som skulle vere på plass i tide.

– Oppstarten gjekk veldig fint. Det er klart det var mykje logistikk og spenning på sjølve dagen. Tilsette var spente og klare til å ta den nye løysinga i bruk, men alt i alt gjekk det over all forventing, seier lokal prosjektleiar i Helse Fonna, Anne Møklebust.

Ho kan fortelje at både tilsette og pasientar var positive til systemet og synst det var eit enkelt og oversikteleg system.

Grunna driftsproblem fekk det regionale prosjektet likevel oppleve nokre humpar i vegen, men klokka 03.00 på natta var alt på plass og sjekklista var gått nøye gjennom.

– Team Haugesund var nok dei som fekk den største jobben med å gå rundt på Haugesund Sjukehus for å verifisere tavler, automatar og ventesoneskjermar, forklarer Alle møter sin nye produksjonssettingsleiar Are-Kristoffer Steen Brendsdal.

 

Mann sitter på golvet, kobeler til ein maskin. Foto.

 

God tone i prosjektet

Prosjektleiar for Innsjekk og betaling Edith Kalve var òg særs nøgd med gjennomføringa og resultatet:

– Det er alltid noko som må korrigerast under sjølve oppstarten, uansett kor trygge vi er på at vi har kontroll på det meste. Vi har gjort disse produksjonssettingane en del gangar no, så då tek vi det meiste på strak hand og finner ut av kva endringar som skal til.

– Kva er eigentleg oppskrifta på å få gjennomført ein så stor produksjon?

– Det hjelper at alle kjenner sine oppgåver, at tonen i prosjektet er god, slik at ein arbeider godt saman, avsluttar Kalve.

 

En gruppe mennesker som sitter rundt et bord med bærbare datamaskiner