Mål 6
Vi styrkar beredskap og sikkerheit, også for å kunne handtere kriser og krig.
Helse Vest skal vere ein robust og samvirkedyktig del av totalforsvaret. Føretaksgruppa skal kunne førebyggje, handtere og oppretthalde kritiske helsetenester ved kriser, alvorlege hendingar, langvarig belastning og krig.
Beredskap skal ikkje vere eit eige spor ved sida av den ordinære utviklinga. Beredskap og tryggleik skal vere ein del av planlegginga av tenester, bygg, teknologi, personell, forsyning, investeringar og organisasjonsendringar.
Dei neste fire åra skal vi
- styrkje planverk, øvingsaktivitet og rolleforståing, slik at beredskapsplanane er kjende, øvde og operative i føretaka
- styrkje totalforsvarssamarbeidet og avklare roller, ansvar og samhandling med sentrale sivile og militære aktørar i krise og krig
- forsterke beredskap for kritiske innsatsfaktorar, inkludert legemiddel, medisinsk utstyr, blod, mat, forbruksvarer og kritiske leverandørtenester
- styrkje robustheit i kritisk infrastruktur, inkludert straum, vatn, avløp, ekom og IKT, og sikre evne til å handtere langvarig bortfall
- sikre at beredskap og tryggleik blir vurdert i større investeringar, bygg, teknologi, forsyningsløysingar og organisasjonsendringar
Innleiing, bakgrunn og styring
Sist oppdatert 24.07.2026