Mål 5
Vi har ei meir berekraftig helseteneste, med framtidsretta bygg og målretta bruk av teknologi
Helse Vest skal utvikle bygg, teknologi og infrastruktur som støttar framtidas pasientbehandling, arbeidsformer og beredskap.
Helse Vest skal prioritere bygg, teknologi og investeringar slik at dei styrkjer kvalitet, frigjer tid til pasientretta arbeid, reduserer klima- og miljøbelastning og kan bereast økonomisk over tid.
Bygg, medisinsk-teknisk utstyr, IKT og digital infrastruktur er strategiske ressursar. Dei skal utviklast ut frå framtidig tenestemodell, ikkje berre dagens aktivitet, organisering eller lokale investeringsbehov
Dei neste fire åra skal vi
- prioritere investeringar innanfor samla regional berekraft og økonomisk bereevne
- vidareutvikle eit felles grunnlag for eigedomsstrategi, vedlikehald, arealbruk og prioritering av eigedomstiltak i føretaksgruppa
- vurdere behov for areal, bygg, teknologi og utstyr ut frå nye tenestemodellar, ikkje berre dagens aktivitet og organisering
- auke ombruk, bruk av fleirgangsutstyr der dette er fagleg forsvarleg, og andre sirkulære løysingar i bygg og drift, vurdere rehabilitering framfor nybygg først, og integrere klima-, miljø- og samfunnsansvarskrav i investeringar, drift, anskaffingar og leverandøroppfølging
- sikre at innføring av ny teknologi blir følgd av planlagd gevinstrealisering, nødvendig opplæring og avvikling av teknologi og arbeidsprosessar som blir erstatta
Sist oppdatert 29.07.2026