Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Diagram
2027 - 2041

Regional utviklingsplan i Helse Vest

Regional utviklingsplan er Helse Vest sitt øvste strategiske dokument for utviklinga av spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Planen viser kva retning Helse Vest skal styre etter dei neste fire åra, og kva slags helseteneste vi skal utvikle fram mot 2041.

En mann og en kvinne
Betre tenester blir skapte saman med pasientane

Regionalt brukarutval peikar på at utviklingsplanen for Helse Vest byggjer på eit sterkt og nødvendig samarbeid mellom helsetenesta og pasientane.

Systematisk bruk av pasientrapporterte data, tett involvering av brukarrepresentantar og styrkt samarbeid med pasient- og brukarorganisasjonar er avgjerande for å utvikle berekraftige og likeverdige helsetenester. 

Særleg blir lærings- og meistringstenestene (LMS) framheva som eit viktig verkemiddel for å styrkje helsekompetansen og meistringsevna til pasientane. Det kan gi større tryggleik og betre helseutfall, og bidra til meir berekraftig bruk av ressursane i helsetenesta.

Sist oppdatert 21.09.2026