logo Helse Vest

Behalde og rekruttere medarbeidarar

Det er ei sentral utfordring i helsetenesta på Vestlandet å behalde og rekruttere nok medarbeidarar med rett kompetanse. Om ein ikkje lukkast med dette vil dette gje utfordringar med å gi spesialisthelsetenester til befolkninga. Det er ei utfordring både å ha tilstrekkeleg tal medarbeidarar med spissa kompetanse og å behalde breddekompetansen som er nødvendig. Det er høgt sjukefråvær, og det må arbeidast med systematisk HMS arbeid for å løysa denne utfordringa.

Sist oppdatert 04.07.2024