Metodikken er først å utarbeide faktagrunnlag og beskriving av pågåande arbeid. Vi veit mykje om kva utfordringane er og det skjer allereie mykje godt arbeid på desse områda. Likevel kan det vere behov for meir kunnskap og innsats for å ta ned risiko så mykje vi kan. Når vi har eit kunnskapsgrunnlag må vi gjere analyser og vurdere omfanget av kva risikoen inneber for medarbeidarar, leiarar og verksemda.
Når vi veit, må vi gjere tiltak og dele desse med andre helseføretak, anten vi lukkast med alt eller ikkje. Denne delinga er grunnlaget for læring og for at vi heile tida kan forbetre tiltaka. Ein viktig del av riskostyringa er at vi undervegs evaluerer og korrigerer, og aller helst i samarbeid med andre.