Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Legemiddelområdet

Målet er å førebyggje at pasientar døyr eller blir alvorleg skada som følgje av legemiddelbehandling i Helse Vest. Hovudmerksemnda i dette arbeidet ligg på områda der det er størst fare for størst skade – og legemiddel og pasientgrupper som er forbundne med størst risiko.

Målet er å førebyggje og hindre at pasientar døyr eller blir alvorleg skada som følgje av legemiddelbehandling på sjukehusa i Helse Vest.​

Legemiddel er ein sentral innsatsfaktor i behandlinga av pasientar og for at dei skal ha størst mogeleg livskvalitet ut frå sine føresetnader. Dessverre skjer det at pasientar i helsetenesta døyr eller blir skada som følgje av legemiddelbehandling.

20 prosent av avviksmeldingane i Helse Vest involverer legemiddel og 20 prosent av pasientskadene er relatert til det. I Helse Vest er legemiddel løfta fram som eitt av fem risikoområde ein vil følgje med ekstra merksemd og ha styring med risikoen på dei neste åra. Det handlar om at vi kan redde liv og unngå alvorlege skader om vi handterer legemiddel endå betre i helsetenesta.

Legemiddel er ein viktig, og oftast avgjerande, del av pasientbehandlinga på sjukehusa. Samtidig er legemiddel den faktoren som oftast går igjen i pasientskader og uønskte hendingar. Nokre gongar dessverre med dramatisk utfall for pasienten og til stor påkjening for involverte og pårørande.

Vi vil derfor redde liv og unngå alvorlege skadar om vi handterer legemiddel endå betre. Dette er kjerna for arbeidet med legemiddel under Fem topp risiko.​

ROMLE

Vi kallar arbeidet med risikoområde legemiddel for ROMLE.

Forsking og eigne undersøkingar har gitt oss kunnskap om kva pasientgrupper som er mest utsette, kva legemiddel vi må ha størst merksemd på, kva situasjonar som aukar risikoen og kva som er årsakene til at utilsikta hendingar med legemiddel skjer. I ROMLE-arbeidet prioriterer vi områda med størst fare for stor skade - og i fellesskap har føretaka i Helse Vest definert eit sett med tiltak som vi saman skal gjennomføre.​

​Forsking og eigne undersøkingar har gitt oss kunnskap om kva pasientgrupper som er mest utsette, kva legemiddel vi må ha størst merksemd på, kva situasjonar som aukar risikoen og kva som er årsake​ne til at utilsikta hendingar med legemiddel skjer.

​I ROMLE-arbeidet prioriterer ein områda med størst fare for stor skade – og i fellesskap har føretaka i Helse Vest definert eit sett med tiltak som vi saman skal gjennomføre. Målet er å førebyggje og hindre at pasientar døyr eller blir alvorleg skadde som følgje av legemiddelbehandling på sjukehusa i Helse Vest.​​​

Sist oppdatert 04.07.2024