logo
En mann og en kvinne som holder et trekors

Innovasjon

No kan du søke om innovasjonsmidlar

Helse Vest RHF lyser ut inntil 18 millionar kroner til innovasjonsprosjekt. Fristen for å søke om midlar til innovasjonsprosjekt er 17. oktober 2023 kl. 13:00.

Lena Forgaard, seniorrådgivar
tlf. 48 124 019

E-post: lena.forgaard@helse-vest.no

Postmottak: post@helse-vest.no (merk emnefeltet med Innovasjon)

Det regionale innovasjonsnettverket består av representantar frå alle føretaka i Helse Vest, i tillegg til dei private ideelle ins​titusjonane. Nettverket skal handtere strategiske og overordna spørsmål kring innovasjon i Helse Vest.

Regionalt operasjonelt innovasjonsforum er eit forum med deltakarar frå det operasjonelle innovasjonsarbeidet i det enkelte føretak. Deltakarane skal informere om og gi råd til innovasjonsakti​vitetar i føretaket.

Oppgåver:

  • sikre samarbeid mellom strategisk og operasjonelt nivå
  • sikre samarbeid på operativt nivå innanfor eige føretak og på tvers av føretaka
  • sikre erfaringsutveksling og kunnskapsdeling
  • dra nytte av tilgjengelege ressursar i føretaket
  • auke totalgevinsten av innovasjonsarbeidet i Helse Vest
  • vere eit rådgivande forum for innovasjonsmidlane i Helse Vest med løpande tildeling
  • sikre samspel med prosjekt i eksisterande utviklingsløp i Helse Vest

Medlemmer i innovasjonsforumet:

  • Helse Vest RHF: Lena Forgaard (leiar) og Nejla Karahasan
  • Helse Bergen: Yvonne Nordvoll​, Ingunn Wergeland og Øystein Sørhaug
  • Helse Fonna: Helge Børresen og Ingrid Øritsland Våge
  • Helse Førde: Gro Rukan og Guro Mjanger
  • Helse Stavanger: Kenneth Austrått og Anne Tronslin
  • Haraldsplass Diakonale Sykehus: Ida Kristine Sangnes
  • Helse Vest RHF IKT: Hilde Alvseike
  • Sjukehusapoteka Vest: Jannicke Wathne
  • Sykehusinnkjøp divisjon vest: Bjarne Wetteland

​Om du har pasienterfari​ng, er tilsett, pårørande, samarbeidspartnar eller representant frå næringslivet, er du velkommen til å dele ideen din med oss. Vi vil følgje opp forslaget ditt og gi deg ei rask tilbakemelding.

I Helse Vest vil vi prioritere idear som har størst nytte for pasientar, pårørande og tilsette. Sjølv mindre forbetringar på arbeidsplas​sen eller eit nytt hjelpemiddel kan gi positive utslag for kvardagen til både pasientar og tilsette i sjukehusa. Hugs at innovasjon handlar om så mykje meir enn avanserte IKT-prosjekt.​

Det finst idémottak i a​​​lle helseføretaka i Helse Vest. Du kan sende ideen din direkte til:

Helse Førde

Helse Bergen

Helse Fonna

Helse Stavanger

Har du ein idé som gjeld Helse Vest​​​ RHF, Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest, Sykehusinnkjøp divisjon vest eller dei private ideelle, send ideen din inn her:​

Prosessrettleiing frå InnoMed

Skal ditt helseføretak i gang med komplekse prosjekt der de ønsker å samhandle med kommunehelsetjenesta? Planlegg de å sette i gang med heimesjukehus, men har utfordringar med å definere pasientforløp eller realisere gevinstar? I slike prosjekt kan de få hjelp av InnoMed. Tilbudet er gratis, og du vil få dedikerte innovasjonsrådgivarar frå InnoMed som rådgivarar til ditt prosjekt.
Les meir om søknad og fristar
En mann som holder en lyspære

Pilot Helse

Saman med dei andre regionale helseføretaka, KS og SIVA deltar Helse Vest RHF i Forskningsrådet si nye ordning Pilot Helse. Pilot Helse er ei ordning som skal støtte ambisiøse og krevande innovasjonsløp. Støtta skal gje verksemder i offentleg sektor og bedrifter moglegheit for saman å etablere eit innovasjonsløp basert på behov hos pasientar, innbyggarar eller i dei offentlege helsetenestane.
Les meir om søknad og fristar
hånd tar på skjerm

Nyheiter om innovasjon

  • En mann og en kvinne som holder et trekors
    25. august 2023
    Helse Vest RHF lyser ut rekordstor pott til innovasjonsprosjekt

    Totalt 18 millionar kroner blir lyst ut til nye innovasjonsprosjekt og idéoverføringar i Helse Vest. Den gledelege auka i potten skuldast eit nytt samarbeid med Kreftforeningen, som bidreg med eit par millionar kroner til øyremerka innovasjonsprosjekt innan kreft.

  • Hender som former en lyspære. Bilde.
    26. august 2022
    Auka sjanse for innovasjonsmidlar ved idéoverføringsprosjekt

    Visste du at det er betre sjanse for å få stønad til å teste og adoptere kjente løysingar som allereie er tekne i bruk ved eit anna helseføretak, enn om du søkjer i kategorien «nye innovasjonsprosjekt»?

  • hender og lyspære, grafikk
    23. august 2022
    No kan du søkje regionale innovasjonsmidlar

    Du kan søkje støtte til nye innovasjonsprosjekt eller idéoverføring, midlar til å adoptere og teste ut innovative løysingar som eit anna sjukehus/helseføretak allereie har tatt i bruk.

Har du ein god idé?

Om du har pasienterfaring, er tilsett, pårørande, samarbeidspartnar eller representant frå næringslivet, er du velkommen til å dele ideen din med oss. Vi vil følgje opp forslaget ditt og gi deg ei rask tilbakemelding.
Send inn din idé!
En kvinne som holder en blomst
Sist oppdatert 24.04.2023