Helse2035, Helse Vest sin regionale utviklingsplan, og Nasjonal helse og sjukehusplan 2020-2023 ligg til grunn for dei prioriterte satsingsområda for tenesteinnovasjon i utlysinga hausten 2023. I åra framover vil etterspurnaden etter helsetenester auke, samtidig som det økonomiske handlingsrommet og talet helsepersonell ikkje vil auke i same grad.
Helse Vest vil difor prioritere prosjekt som legg vekt på gevinstar for helsetenesta i form av ei meir optimal organisering, ressursbruk og/eller reduserer behovet for vekst i helsepersonell, og gjerne med potensial for regional skalering.
Det vil i nokon grad bli lagd vekt på ei spreiing av innovasjonsprosjekt i ulike delar av regionen og innan dei ulike satsingsområda.
Prioriterte satsingsområde
Helse Vest RHF vil prioritere søknader som omhandlar eit eller fleire av desse satsingsområda (gjeld ikkje for innovasjonar med eit kommersielt potensial):
- Pasientar og pårørande si helsekompetanse og medverknad
Løysingar som involverer pasient og pårørande som aktive deltakarar i utforminga av eigen helsehjelp, aukar helsekompetansen og deira føresetnadar for eigen meistring.
- Berekraftig utvikling
Løysingar som utviklar eller nyttar nye arbeidsformer, betre oppgåvefordeling, ny og betre bruk av teknologi, som bidreg til auka berekraft i helsetenesta. I denne kategorien er prosjekt knytt til heilskaplege modellar for digitale helsetenester særleg relevante.
- Samhandling
Løysingar som sørgjer for ny og betre samhandling mellom føretak, kommune og/eller brukarar av helsetenester.
- Redusere overdiagnostisering og overbehandling (uønska variasjon)
Innovative løysingar og tenesteinnovasjon som mellom anna bidreg til å redusere overdiagnostisering og overbehandling.
Prosjekta/tiltaka kan vere nye eller allereie i gang.
Prioriterte pasientgrupper
Helse Vest er særleg opptatt av søknadar som omhandlar dei fire prioriterte pasientgruppene i Nasjonal helse og sjukehusplan;
- Personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem,
- barn og unge,
- personar med fleire kroniske sjukdommar, multisjuke
- skrøpelege eldre (NHSP).
I tillegg vil Helse Vest leggje vekt på prosjekt:
- som har samarbeid med fleire helseføretak i regionen, der dette er relevant
- som har samarbeid med kommunar, der dette er relevant
Dersom de har planar om å søke finansierings frå andre finansieringskjelder, så vil dette kunne styrke søknaden.
Innovasjonar med eit kommersielt potensial
For forskingsbaserte innovasjonar og innovasjonar med eit kommersielt potensial er det ingen tematiske føringar eller prioriterte pasientgrupper.