logo Helse Vest

Etablering av medisinsk kvalitetsregister

Dersom du planlegg å etablere eit kvalitetsregister vert det anbefalt at du avtalar eit møte med Fagsenteret for råd og rettleiing om prosessen.

​​Før kvalitetsregister vert valgt som metode, bør du vurdere om svara på det du ynskjer å undersøke faktisk kan formulerast som konkrete endringstiltak. Dette er avgjerande for å oppfylle målet med registeret.​

Registeret må ha eit definert formål om å forbetre kvaliteten i pasientbehandlinga. Det må også ha forankring både i klinisk​e fagmiljø og i pasientgruppa. Ein grundig definisjon av inklusjonskriterium er også viktig i etableringsfasen. Hovudformålet med kvalitetsregister er kvalitetsforbetring og du bør derfor tenkje over moglege forbetringsområde.

Lokale kvalitetsregister vert ofte brukt til kvalitetssikring i intern verksemd etter helsepersonellova § 26​, som gir adgang for h​elsepersonell til å gi opplysingar til leiinga av verksemda for å kvalitetssikre tenesta.

Regionale kvalitetsregister dekkjer éin eller fleire verksemder som yter helsetenester, til dømes eitt eller eller fleire helseføretak.

Nasjonale kvalitetsregister er landsomfattande og kan vere etablerte med eller utan nasjonal status.

I arbeidet med å etabl​​ere kan det vere lurt å fylle ut ein registerbeskrivelse i starten. Fagsenteret har utarbeidd ein mal for dette.


Før du startar å samle inn data må det vurderast om det trengst å gjennomføre ein konsekvensvurdering for p​​ersonvern. Direktorat for e-helse har utarbeidd ein mal for dette.


Regionale stimuleringsmidlar

På vegner av Helse Vest b​​lir det årleg lyst ut stimuleringsmidlar (inntil kr. 200 000,-) til etablering av kvalitetsregister.

Sist oppdatert 19.04.2023