Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Kriterium regionale kompetansesenter

I 2003 vedtok styret i Helse Vest i sak 78/03 kriterium for regionale kompetansesenter i Helse Vest.

​Dette som ei oppfølging av funksjonsfordelingsprosjektet hausten 2002 for å klargjere kva for krav som skal stillast til regionale kompetansesenter og korleis dei skal finansierast. Følgjande blei vedteke:

A. Beslutningsmyndighet​​​​

Styret for Helse Vest RHF besluttar oppretting, eventuell avvikling, av regionale kompetansesenter.

Styret i det enkelte helseføretak har ansvar for drift av eventuelle regionale kompetansesenter som er lagde til føretaket.

​B. Retningslinjer for oppretting av regionale kompetansesenter i Helse Vest RHF​

Regionale kompetansesenter blir oppretta etter søknad frå helseføretaka eller andre.

Avgjerda om oppretting blir teke av styret i Helse Vest RHF etter høyringsrunde der samarbeidsorganet mellom Universitetet i Bergen og Helse Vest RHF skal uttale seg, og der alle helseføretaka får høve til å uttale seg.

Kompetansesenterstatus blir avklart éin gang årleg i forut for budsjettbehandling, slik at økonomiske forhold kan avklarast.

Godkjenning er tidsbegrensa til 5 år. Før avgjerd om eventuell vidareføring skal det foreligge ei evaluering.

C. Kriterium for regionale kompetansesenter i Helse Vest RHF​​

Regionale kompetansesenter i Helse Vest må oppfy​​​lle følgjande kriterium:​​

  • ha fagleg høg kompetanse som kan dokumenterast på området, og nødvendig infrastruktur
  • drive forsking, utvikling og undervisning med spreiing av kunnskap til heile regionen
  • ha evne til samarbeid, og innanfor sitt felt, byggje opp eit nødvendig fagnett regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • ​hvis senteret driv klinisk verksemd, må det ha adekvat pasientvolum og kontinuerleg kunne gjere rede for behandlingsresultat
  • kunne dokumentere eiga fagleg verksemd inkludert kompetanseoppbygging i helseregionen

​Regionale kompetansese​nter skal også bidra til:​

  • utvikling av retningslinjer for etablering av nye teknikkar og metodeutvikling (guidelines)
  • utarbeiding av retningslinjer for pasientlogistikk og pasientinformasjon
  • arbeide for "evidence based medicine" (EBM)
  • ​oppretting av registerfunksjonar

D. Evaluering​​​​

Helse Vest RHF utarbeider ein mal for evaluering av regionale kompetansesenter med bakgrunn i vedtekne kriterium. Her bør det spesielt leggjast vekt på forsking, utvikling og undervisning.

Helse Vest RHF er ansvarleg for evaluering av regionale kompetansesenter og opprettar nødvendige evalueringsgrupper, eventuelt med bruk av ekstern bistand.

Helse Vest RHF tar stilling til evaluering etter høyringsrunde i helseføretaka og samarbeidsorganet mellom Universitetet i Bergen og Helse Vest RHF.

Sist oppdatert 28.04.2023