Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2027
Forskingsmidlane til Helse Vest skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Søknadsfrist: 15. september 2026 kl. 16.00.

Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og forskarstipend.
Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon som vedtar tildelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.
Søknadskategoriar og retningslinjer
Formål og kriterium beskriv kven som kan søkje forskingsmidlar frå Helse Vest. For meir informasjon om kven som kan søkje, inkludert tilgang til forankringsskjemaet som skal nyttast ved søknadsprosessen for midlar 2027, sjå informasjon under Kven kan søkje forskingsmidlar.
Følgjande søknadskategoriar er aktive ved utlysinga av midlar for 2027:
- Doktorgradsstipend
- Forskarstipend
- Open prosjektstøtte
- Stipend til kliniske studiar (20 prosent)
- Utanlandsstipend
Det er utarbeidd retningslinjer for alle søknadskategoriar. Merk at det er ulike krav til søkjar for dei ulike søknadskategoriane. Søkjarar må setje seg inn i dei krava og råda som retningslinjene gir.
Nytt for denne utlysinga
- Ny søknadskategori Forskarstipend kommer til erstatning for tidlegare kategoriar Postdoktorstipend og Klinisk forskarstipend. Sjå retningslinjene for denne søknadskategorien for meir informasjon.
- For søknadskategorien Open prosjektstøtte er det gjort endringar i kva det kan søkjast om og kor mange år det kan budsjetterast for. I tillegg er det sett inn krav om leiarforankring av planlagt regionalt samarbeid (intensjonsbrev). Sjå retningslinjene for denne søknadskategorien for meir informasjon.
- For søknadskategorien Utanlandsstipend er det høve til å søkje to gonger i året - i april og september. Prioriteringskriterium og søknadskrav er beskrivne nærare i retningslinjene for utanlandsstipend.
Vurdering av søknader
Søknader til Helse Vest blir vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar, les meir i Formål og kriterium.
For nokre søknadskategoriar vil søknaden i tillegg bli vurdert ut frå særskilte kriterium. Dette gjeld følgjande søknadskategoriar:
- Open prosjektstøtte
- Stipend til kliniske studiar (20 prosent)
Brukarmedverknad
Det er krav om brukarmedverknad i forskingsprosjekta. Søkjarar skal gjere greie for eventuell brukarmedverknad i prosjektet eller kvifor dette ikkje er aktuelt. Sjå meir om dette i mal for prosjektframstilling.
Krav til søknadar
To vedlegg i PDF-format skal følgje den elektroniske søknaden.
- Prosjektframstilling. Det er utarbeidd ein mal for prosjektframstilling. Merk at alle hovudpunkta i malen er obligatoriske, mens nokre av underpunkta er rettleiande og ikkje alltid relevante for alle prosjekt/søknadskategori. Merk at det er ein eigen mal for Stipend til kliniske studiar (20 prosent). Manglande omtale av brukarmedverknad eller manglande utgreiing om kvifor brukarmedverknad ikkje er aktuelt vil føre til at søknaden blir lagd til side.
- Samledokument med andre vedlegg. Kva for vedlegg som er påkravd her, er avhengig av søknadskategori, sjå retningslinjene og rettleiing i søknadsskjemaet.
Søknadar som ikkje fyller krava, kan bli avviste. Sjå oversikt over årsaker til avvising av søknader her.
Vedtak om tildeling
Tildeling av dei ope utlyste forskingsmidlane blir vedteke på Samarbeidsorganet sitt møte 25. november 2026. Resultatet vil bli kunngjort på Helse Vest sin nettstad så snart som mogleg etter dette.
Ta kontakt med Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking om du har spørsmål.
Spørsmål?
Kontakt forskning@helse-vest.no