Massetesting held vidaregåande skular opne
Elevar på vidaregåande skular testar seg sjølve for covid-19. Målet er å halde skulane, som er viktige møteplassar for unge, opne.
Pilotprosjektet der Helse Vest har teke initiativet blir leia av Vestland fylkeskommune, og to vidaregåande skular (Fyllingsdalen og Askøy) er alt i gang. Her testar elevar og tilsette seg sjølve to gonger i veka med antigen-hurtigtest. Det skal dei halde fram med til sommaren.
Viktig møteplass for unge
Strenge smitteverntiltak, heimeskule og stengte møteplassar har råka barn og unge særs hardt. I siste halvdel av 2020 auka talet tilvisingar av barn og unge til psykisk helsevern over heile Vestlandet. Dei som slit har meir alvorlege tilstander, med kjensle av håpløyse, depresjon, spiseforstyrringar, sjølvskading og destruktiv åtferd.
Det er bakgrunnen for prosjektet med sjølvtesting på vidaregåande skular, fortel initiativtakar Ola Jøsendal.
– Vi spurde oss kva vi, spesialisthelsetenesta, kan bidra med. Svaret blei massetesting på skulen for å halde denne møteplassen open, seier han.
Dette er det første prosjektet i sitt slag i Noreg, men andre land har gode erfaringar med liknande prosjekt.
– Når elevar testar seg to gonger i veka, kan skulane i større grad halde ope, sjølv i ei tid kor det er mykje smitte i samfunnet, seier Jøsendal.
Open skule betyr ein betre kvardag for barn og unge, og er eit steg i rett retning når det gjeld deira psykiske helse.
Kan bli utvida
Om lag 85 prosent av elevane ved dei to skulane har så langt delteke på massetestinga. Det er frivillig å vera med, og dei kan når som helst trekkje seg. Sidan oppstarten har det blitt tatt 901 testar, ingen av desse har vore positive.
Følg utviklinga frå veke til veke
Testen gir raskt svar, og tiltak blir sette inn ved ei positiv prøve. Då får heile klassen munnbind, og må heim i karantene. Den som testar positiv, blir følgd opp av kommunal teststasjon for test som blir sendt til laboratorium. Han eller ho skal i isolasjon.
FHI har rekna seg fram til at om ein testar minst 70 prosent av elevane og tilsette to gonger i veka, vil ein redusere risikoen for eit større smitteutbrot frå 30 prosent til omlag to prosent. Dette vil vere gjeldande om det er om lag ein prosent smitta i samfunnet rundt skulen.
Prosjektet kan bli utvida med fleire enn dei to skulane som så langt er med.