logo Helse Vest

Dette er den nye fagdirektøren i Helse Vest

Klinikkoverlege og professor Bjørn Egil Vikse blir den nye fagdirektøren i Helse Vest RHF.

Publisert 08.02.2022
Sist oppdatert 10.02.2022
Mann smiler mot kamera

– Dette blir veldig spennande. Eg gler meg til nye utfordringar og å jobbe for ei god spesialisthelseteneste på heile Vestlandet, seier Bjørn Egil Vikse, som kjem frå jobben som klinikkoverlege og forskar innanfor nyremedisin ved Haugesund sjukehus i Helse Fonna.

Men frå august 2022 blir han ny fagdirektør i Helse Vest RHF. Vikse har bakgrunn som professor ved Universitetet i Bergen og er spesialist i indremedisin og i nyresjukdommar.

Vil jobbe for gode faglege rammer i sjukehusa 

Han tok doktorgrad i 2003 og har som professor vore ein aktiv leiar av fleire forskingsprosjekt innanfor nyresjukdommar i tillegg til å arbeide som koordinator for medisinstudentutplasseringa i Helse Fonna. Vikse starta ved Haugesund sjukehus i 2012 og har vore klinikkoverlege ved medisinsk klinikk i Helse Fonna sidan 2017. I denne stillinga har han mellom anna jobba med organisering og drift av legetenesta, opplæring av legar i spesialisering og kvalitetsarbeid.

– Eg har jobba i spesialisthelsetenesta på Vestlandet sidan eg fekk min første sommarjobb som medisinstudent med lisens på Haukeland universitetssjukehus i 2001. Eg har dei siste åra fått kjennskap òg til dei andre sjukehusa i Helse Vest og ser fram til å jobba for at medarbeidarane på alle sjukehusa skal få gode faglege ramme​r for å gjere ein så god jobb som mogleg, fortset han. 

​Startar i august 

Vikse tek over etter Baard-Christian Schem, som sjølv har ønskt å gå over i ny rolle i Helse Vest RHF etter tolv år i jobben som fagdirektør.

​– Eg er veldig glad og fornøgd med at Bjørn Egil Vikse har takka ja til jobben. Fagdirektørstillinga i Helse Vest RHF har stor betyding, både i nasjonal samanheng og i samarbeidet i regionen vår. Eg ser fram til at han byrjar hos oss i august, seier administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne.   

Bilde av mannleg lege i kvite klede. Foto.

Vikse er professor og klinikkoverlege ved Haugesund sjukehus. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna.