logo Helse Vest

Viktig kjelde for kritisk informasjon

No snakkar Dips og kjernejournal saman. Det betyr ein enklare arbeidskvardag for helsepersonell og auka tryggleik for pasientane.

Publisert 03.05.2024
Sist oppdatert 16.05.2024
Grafisk brukergrensesnitt, applikasjon
Her er eit døme (pasienten er fiktiv) på korleis det kan sjå ut i Dips med den nye integrasjonen.

Tidlegare måtte helsepersonell registrera same informasjon fleire stadar. Det er både tidkrevjande og det gir auka risiko for feilregistreringar. No held det at man registrerer informasjonen éin stad, éin gong. Ein ny integrasjon mellom Dips og kjernejournal gjer at informasjonen kan registrerast i det eine systemet og utvekslast til det andre. 

– Dette gir betre datakvalitet og betre tilgang på kritisk informasjon, seier Annette Hole Sjøborg som er leiar for prosjektet. Sjøborg er tilsett i Dips, men er for tida leigd inn som konsulent i Helse Vest IKT.

Dame med lyst hår. Annette Hole Sjøborg.

Prosjektleiar Annette Hole Sjøborg håper at endå fleire vil nytte seg av den nye moglegheita som ligg i Dips og kjernejournal. – På den måten vil kjernejournal bli ein oppdatert kjelde for den kritiske informasjonen til pasienten, seier ho. (Foto: Dips Arena)

 

Auka pasienttryggleik

Integrasjonen mellom Dips og kjernejournal er ein nasjonal utprøving der alle sjukehusa i Helse Vest deltek og har fått ansvar for å teste ut løysinga før dei andre regionane. Løysinga gjer at kritisk informasjon vert tilgjengeleg for alle klinikarar som kjem i kontakt med pasienten, på tvers av omsorgsnivå, via kjernejournal. Det betyr at pasientane slepp å måtta gi att informasjon kvar gong dei kjem til ein ny behandlingsstad.

– Dette aukar pasienttryggleiken. Det er ikkje alle pasientar som er i stand til å gje helsepersonell den nødvendige informasjonen, seier Sjøborg.

All kritisk informasjon ligg no i både Dips og kjernejournal. Det kan til dømes vere informasjon om legemiddelreaksjonar, implantat, kritisk medisinske tilstandar, pågåande behandling og smitte. 

Effektiviserer arbeidet

Å sleppa å registrera same informasjon fleire stadar, sparer helsepersonell for mykje tid. Ikkje berre fordi det er mindre registrering, men ein bruker også mindre tid på å leita etter informasjon i ulike system.

– Å effektivisera arbeidet med denne typen løysingar er heilt i tråd med digitaliseringsarbeidet i Helse Vest, seier Bjørn Egil Vikse, områdeeigar for pasientbehandling.

 
Har bidrege til at kritisk informasjon har blitt avdekka
 

Etter at integrasjonen vart skrudd på i februar, har det vore ein auke i bruken av kjernejournal og det er både blitt lasta opp og lagt inn meir informasjon. Kjernejournal er dermed blitt ein viktigare kjelde til kritisk informasjon i sektoren.

– Vi har fått positive tilbakemeldingar frå dei som har teke det i bruk. Fleire fortel at løysinga har bidrege til at kritisk informasjon har blitt avdekka og pasientbehandlinga justert deretter, seier Sjøborg.