Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gynekologisk kreft: Dette bestemte styret i Helse Vest RHF

Styret i Helse Vest RHF vedtok fleire tiltak for å styrkje behandlinga av gynekologisk kreft i regionen på styremøtet i dag. Blant anna skal kirurgi for eggstokkreft bli samla i Helse Bergen på sikt.

Publisert 22.10.2026

Ei samling av tilbodet føreset at Helse Bergen først oppfyller konkrete, faglege krav. Inntil det vil Helse Stavanger og Helse Bergen halde fram samarbeidet om eggstokkreftkirurgi. 

– Målet har heile vegen vore å styrkje og sikre eit best mogleg behandlingstilbod for kvinner med gynekologisk kreft på Vestlandet, også på lang sikt. Difor gjekk vi inn for dei fleste tiltaka som administrerande direktør i Helse Vest RHF hadde tilrådd, seier Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF. 

Før dei om lag 24 årlege operasjonane for eggstokkreft kan flyttast frå Stavanger universitetssjukehus til Haukeland, må det vere dokumentert stabil høg kompetanse, kvalitet og kapasitet i Helse Bergen, i tråd med kriteria frå ESGO. 

– Målet på sikt er å samle dei rundt 86 årlege operasjonane for eggstokkreft i regionen ved Haukeland universitetssjukehus. Styret ber om tett oppfølging for å redusere sårbarheita, og ei ny sak med vurdering om samling av tenesta i Helse Bergen, når alle dei faglege krava er oppfylte, seier Landstad. 

Dette er styrets vedtak i saka

  1. Styret legg til grunn at tilbodet innan gynekologisk kreftbehandling i Helse Vest skal vidareutviklast med mål om høg kvalitet og god pasientsikkerhet, likeverdig tilgang til tenester og robuste fagmiljø.
  2. For å sikre robuste tenester til pasientane i Helse Vest også for framtida, skal det mest spesialiserte behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft med stor grad av kompleksitet, på sikt bli samla i éin funksjon i Helse Bergen HF som har det største pasientvolumet og som ivaretek regionfunksjonar. Innan gynekologisk kreftbehandling gjeld dette kirurgisk behandling av eggstokkreft. Samling i eitt senter i regionsjukehuset samsvarer med organiseringa i dei andre regionale helseføretaka.
  3. Basert på fagfellevurdering frå nordiske spesialistar, ber styret om at Helse Bergen HF førebur seg på å på sikt ivareta kirurgisk behandling av eggstokkreft i Helse Vest. Samling av tilbodet føreset at Helse Bergen HF oppfyller faglege krav med omsyn til stabil høg kompetanse, kvalitet og kapasitet, slik dei i dag går fram av kriteria frå ESGO. Det skal gjennomførast ein uavhengig ekstern vurdering på om kriteria er oppfylt. Styret ber om å få sak med tilråding om samling av tenesta i Helse Bergen HF når alle faglege krav er dokumentert oppfylte. Inntil dette er dokumentert, held Helse Stavanger HF og Helse Bergen HF fram samarbeidet om pasientgruppa.
  4. Kirurgisk behandling av livmorkreft har eit større pasientvolum og skal vidareførast i Helse Stavanger HF. Også utgreiing, medikamentell behandling, strålebehandling og all annan oppfølging av pasientar med begge kreftformer skal vidareførast i Helse Stavanger HF. Det er difor viktig å oppretthalde og vidareutvikle den gode faglege kompetansen og kapasiteten på gynekologisk kreft i Helse Stavanger HF.
  5. I tråd med faglege tilrådingar, ber styret administrerande direktør gå i dialog med Helse Sør-Øst RHF for å overføre radikal kirurgi for livmorhalskreft og vulvakreft for pasientar frå Helse Vest (blir operert i Helse Bergen i dag) til Oslo Universitetssjukehus (OUS). Overføringa skjer så snart OUS har mulighet til å ta over oppgåva.
  6. Styret ber administrerande direktør sørge for at dei øvrige tiltaka som er skisserte i den regionale planen for vidareutvikling av gynekologisk kreftbehandling blir gjennomført, og at dette blir regulert i avtalene mellom helseføretaka om kreftbehandling innan gynekologisk kreft, slik det er beskrive i saka.
  7. Styret ber administrerande direktør legge fram årleg vurdering av status for tiltaka som er sette i verk innan gynekologisk kreftbehandling til alle endringane er gjennomførde.
  8. Styret ber administrerande direktør i Helse Vest RHF i saman med administrerande i Helse Bergen og Helse Stavanger HF sørge for at det utarbeidast og gjennomførast tiltak for å redusere kompetanserisiko i perioden fram til kirurgi av eggstokkreft kan samlast.

Bakgrunn og tiltak 

Det er fleire grunnar til det regionale arbeidet med gynekologisk kreft. Helse Bergen hadde i 2024 utfordringar med å fylle den regionale rolla innan gynekologisk kreft, som følgje av mangel på erfarne spesialistar. Samstundes kom det ein ny nasjonal kreftstrategi, ny kvinnehelsestrategi og kvalitetsresultat, som viste behov for forbetring.   

Ei ekstern fagfellevurdering, gjennomført av erfarne gynekologiske kreftspesialistar frå Sverige og Danmark, peikar på at dagens organisering er sårbar. 

Hausten 2026 kom det også ein prosjektrapport frå fagfolk ved sjukehusa i Helse Vest og Helse Vest RHF, tillitsvalde, verneombod og brukarrepresentantar. Prosjektgruppa har føreslått ei rekkje tiltak (sjå tiltaka i rapporten) for å forbetre behandlinga av gynekologisk kreft i Helse Vest. 

Foto: Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF

Administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne, snakkar med styreleiar i Helse Vest RHF, Agnes Landstad under styremøtet 22. oktober.

Grundig diskusjon i styremøte

Styret tok avgjerda etter ein grundig diskusjon i styremøtet i Helse Vest RHF torsdag 22. oktober. 

– Det er gjort eit godt arbeid av Helse Vest RHF og prosjektgruppa i forkant av denne saka. Det har vore semje blant fagpersonane om utfordringane vi har og  dei fleste tiltaka som er foreslått i rapporten. Alle tilrådingar er basert på faglege grunngivingar. Det er, og skal alltid vere, rom for fagleg usemje. Her har usemja handla om flytting frå SUS til Haukeland av rundt 24 eggstokkoperasjonar i året, seier Landstad. 

Uavhengig av når flyttinga av eggstokkirurgi skal skje, vil utgreiing, medikamentell behandling, og oppfølging framleis bli gitt ved det lokale helseføretaket. 

– Vi må sikre eit robust fagmiljø og god kvalitet på lang sikt, samtidig som vi tek vare på dei sterke fagmiljøa ved både Haukeland og SUS. Difor vil styret følgje opp behandling av gynekologisk kreft i regionen, og ber om årlege status framover, held Landstad fram.  

Best mogleg behandling for heile regionen 

For pasientane vil avgjerda til styret om eggstokkreft bety at Bergen held fram med å operere rundt 62 eggstokkoperasjonar i året, medan Stavanger vil ha rundt 24 eggstokkoperasjonar i året.  

– Dette har vore ei krevjande sak, som vi samla har brukt mykje tid på i regionen. Vi er opptekne av at kvinnene i Helse Vest, både i Rogaland og i Vestland, får best mogleg behandling. Vi har, og har heile vegen hatt, høg tillit til fagmiljøa i både Bergen og Stavanger. No vil vi sjølvsagt forhalde oss til det styret har bestemt, og vi vil følgje opp saka framover, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.